– Det er jobben min som krimforfattar å lure deg, seier Jo Nesbø – klar med blodferske «Blod på snø». Her klarar han blant anna å skape djup sympati for ein yrkesdrapsmann.

NPK-NTB-Veronica Karlsen
NPK-NTB-Veronica Karlsen

Bakgrunnen for «Blod på snø» er ganske artig. Nesbø har i Harry Hole-bøkene sine referert til denne kultkrim-klassikaren av norsk-danske Tom Johansen. Som altså ikkje har eksistert – før no.

– Eg hadde i utgangspunktet tenkt at «Blod på snø» skulle sleppast av Tor Johansen, altså skulle vi late som om han var ein verkeleg forfattar. Eg var til og med i gang med å lage wikipedia-sider og biletmateriale. Men så fekk eg beskjed om at dette er juridisk veldig vanskeleg. Å selje eit produkt under falske premissar er ikkje lov. Så då vart det ei ny Jo Nesbø-bok, fortel forfattaren til NTB.

Og han har klart det igjen. Han har laga ein krimroman som overraskar og snor seg som ein ål – heilt til siste slutt.

– Krimlesarane i dag er veldig drivne. Det blir ein slags hauk over hauk-leik, der eg heile tida må liggje framfor, seier krimsnikkaren som er omsett til 50 språk og kan skilte med 23 millionar selde bøker på verdsbasis.

Inntektene av «Blod på snø»-salet skal gå til Harry Hole-stiftinga. Men forfattaren forsikrar oss om at han har til smør på maten.

– Eg kan trygt gje vekk litt pengar, eg klarar meg godt, smiler han.

QUIZ: Er du god på krim-litteratur?

Narkopengar – og fisk

I sentrum for hendingane i den nye boka er leigemordaren Olav. Han jobbar tett med den store narkobaronen i byen og handlinga er plassert i Oslo på 70-talet. Nesbø har teikna eit mørkt, kriminalisert og forureina portrett av byen, der kampen mellom to narkobaronar – den eine med base i ein fiskebutikk på Youngstorget – skaper spenning.

Men det som verkeleg gjev handlinga framdrift er når vår mann får i oppdrag å uskadeleggjere kona til sjefen. Han forelskar seg nemleg hemningslaust i henne, og då er det duka for ei rad forviklingar.

For den som trudde vi hadde å gjere med ein enkel og kjenslekald person, må nemleg tru om att. Olav er noko så sjeldan som ein leseglad og amorøs drapsmann. Han trålar klassikarhyllene på Deichmanske bibliotek. Blant favorittane er «De elendige», filosofi av David Hume – og tallause titlar og skildringar frå dyreriket.

– Det med dyreriket var for å få fram einsemda. Du kan sjå Olav for deg, sitjande i den store lesesalen i dunkelt lys, medan han les om edderkoppar og sebraer, seier Nesbø.

LES OGSÅ: Her er kjendisane sine krim-favorittar

Sympatisk drapsmann

Nesbø har etter kvart vorte kjend for ganske brutale skildringar i krimbøkene sine. Og i «Blod på snø» skjer det blant anna eit frykteleg skistav-mord. Men krimforfattaren synest valden i denne boka skil seg veldig frå den du får servert i Harry Hole-universet, og han meiner Olav-personen er meir i slekt med Roger Brown frå «Hodejegerne».

– Dei har begge ein litt forvridd måte å sjå verkelegheita på, som plutseleg står fram som sann og truverdig. Og så har dei begge denne evna og viljen til sjølvbedrag. I teksten er det ei veksling mellom rosemåling og feiltolking av informasjon.

På spørsmål om korleis han klarte å skape ein så sympatisk leigemordar (vi heiar faktisk på Olav heile vegen), svarar Nesbø:

– Boka er skriven i eg-form og han fortel oss si historie på ein slik måte at vi blir innforstått med – og forstår reglane. Vidare har han jo fått delt ut ganske dårlege kort, noko som gjer at vi føler med han. Det skal mykje til for at ikkje løpet er køyrt for ein slik karakter. På den måten kan dette lesast som eit ganske tungt skjebnedrama.

Meir blod

Til hausten kjem «Blod på snø II: Mere blod». Deretter vil det komme ein liksomdokumentar om Tom Johansen.

På spørsmål om korleis det ligg an med filmprosjekta basert på bøkene hans, seier Nesbø:

– Det veit eg faktisk ikkje noko om. At ein sel filmrettane betyr ikkje nødvendigvis at det blir film. Dei ringjer meg vel om det skjer noko.

Han har heller ikkje noko svar på når den neste Harry Hole-boka kjem:

– Det er for tidleg å seie noko om. Det eg kan seie er at «Blod på snø»-prosjektet opptek meg no og at dette blir den lengste pausen frå Harry sidan eg starta opp. (©NPK)

Les siste om krim her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE