Popkulturelle tips til påskeferien

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påsken er ferietid – om det er krim, påskehare og godteri, familie eller påskefjellet som dominerer har alle sin variant av påskeferien.

Me samla saman eit panel av norske profilar som fortel om sine påskeplanar, popkulturelle tips og forholdet til påskefjellet.

LES OGSÅ: Her er kjendisane sine krim-favorittar

Asbjørn Slettemark – krimbloggar for OP-5 og skribent i Aftenposten
Det er to alternative påskeprogram planlagt for Asbjørn Slettemark, på kvar si side av skalaen. Anten blir det familieferie på Vestlandet, eller så reiser han på Inferno, metallfestivalen i Oslo. Kanskje blir det begge deler, noko han kallar «ei fin blanding av trygg vestlandsk påske og satanistisk underhaldning i hovudstaden».

Kva filmar og TV-seriar ser du i påsken?

– Eg skal prøva å pløya gjennom ein episode av Game of Thrones som eg har til overs før premieren på sesong 5. Kanskje får eg også sett sesong 2 av The Fall.

Kva er ditt forhold til påskefjellet?

– Så vidt eg har registrert frå vindaugssetet på Bergensbana eksisterer påskefjellet i beste velgåande, og klarar seg utmerka utan meg.

Daniel Kvammen – platedebutant og halling
Den lovande artisten reiser heim til Geilo i påskeferien, der han går på langrenn, treff vener og pressar inn ein hyttetur. Dessutan spelar han konsert i kulturkyrkja heime.

Kva filmar og TV-seriar skal du sjå i påsken?

– Eg har store planar om å sjå Les Reverantes, eller The Returned som den heiter på engelsk. Det er ein fransk spenningsserie med ein tvist av Twin Peaks. Elles er det jo mange klassikarar på fjernsynet då. Pleier ikkje Pippi Langstrømpe å gå i påsken?

Kva er ditt forhold til påskefjellet?

Eg er jo oppvaksen i hjartet av påskefjellet, Geilo. Tilnærminga mi i det heile er invasjon av turistar, auka folkemasse med 400 prosent og pulsåra og næringsgrunnlaget for bygda mi. I tillegg er det fantastiske skiturar i steikande sol på høgfjellet, anten i godt selskap av kompisar eller åleine med sabla høg musikk på øyret. Med andre ord har eg eit særs godt forhold til det heile.

LES OGSÅ: Hot halling på Bylarm

Heidi Furre – fotograf, bloggar og forfattar
Denne påsken er Heidi Furre i Oslo med lange frukostar, seine middagar og ferie i heimen – før påskefjellet får eit besøk i heilagdagane.

Kva filmar og TV-seriar skal du sjå i påsken?

– Dei gamle Narnia-filmane gir meg påskekjensla. Men i år skal eg sjå Paradise Hotel!

Kva er ditt forhold til påskefjellet?

– Eg likar både bypåske og hyttepåske, og i år får eg både i pose og sekk. Men eg trivst betre i eit tomt Oslo enn på after-ski på Geilo.

Helge Torvund – poet
Poeten legg all sin konsentrasjon i marsipanegga frå morgon til kveld denne påsken.

Kva filmar og TV-seriar skal du sjå i påsken?

– Sjølv om eg ikkje er så glad i krim, er eg veldig glad i England, så det blir nok i alle fall kriminalbetjent Marcus Farrow i påsken.

Kva er ditt forhold til påskefjellet?

– Påskefjellet er lagt i frysaren. Eg tek det fram påskemorgon. Under basunfanfarar og flaggheising pyntar eg fjellet med påfuglfjør, veteranbilar og gamle hattehyller. Det er eit høgdepunkt, påskefjellet. Det skal det ha.

LES OGSÅ: Torvund tek saka

Vigdis Kroken – den eine halvdelen av krimduoen Kroken & Kolden
Forfattaren, som også er journalist i lokalavisa Fjuken, skal jobba ein del for sistnemnde denne påsken. Resten av tida brukar ho på å vera så lat som mogleg.

Kva filmar og TV-seriar skal du sjå i påsken?

– Eg likar godt å så krim på fjernsyn, men det må helst vera krim utan dei mest bestialske valdsscenene, då blir eg berre uvel og mørkeredd (haha), derfor går det mest i Poirot og Mord og Mysterier og liknande seriar som er "mindre skumle".

Kva er ditt forhold til påskefjellet?

– Skia mine står parkert i garasjen. Eg kan ikkje skryta på meg å vera flink til å gå lange turar i fjellet, akkurat. Ikkje korte heller! Eg trivst godt i fjellet, men aller best ved ein hyttevegg, saman med ei bok, kaffi, sjokolade og sol.

– Ein kan vera enno meir makaber på nynorsk enn bokmål, men me er meir oppteken av spenning og uhygge, enn blodsprut, forklarar dei to forfattarane som no er aktuelle med «Død manns kiste». Foto: Andrea Nøttveit

Ragnhild Kolden – den andre halvdelen av krimduoen Kroken & Kolden
Kolden gir påsken sin til familen og hytta i Bøverdalen.

Kva filmar og TV-seriar skal du sjå i påsken?

– Eg ser gjerne engelske eller svenske krimseriar i påsken, men eg veit ikkje om det er noko slikt på TV-programmet i år.

Kva er ditt forhold til påskefjellet?

– Eg er alltid i Bøverdalen i påsken, så kanskje det blir ein fjelltur eller to. Kanskje ikkje. Det beste med ferie er å ikkje ha planar i det heile.

Ronny Brede Aase – programleiar i P3Morgen
P3-profilen er ofte heime i Førde når påsken kjem, og har ofte ambisjonar om å komma seg ut på Den store skituren i fjellsola. I år blir det derimot litt annleis, med sydentur til Spania og den andre typen påskesol.

Kva filmar og TV-seriar skal du sjå i påsken?

– Det blir generelt lite film og TV i påsken. For meg består påsken som oftast av å sjå dei to-tre filmane eg har i DVD-hylla heime, som Garden State og Reservoir Dogs, ein gong til. Det blir som oftast mitt inntak av populærkultur. Eg tykkjer påsken stort sett handlar om å treffa gamle kjende på den lokale puben.

Kva anbefalar du av populærkultur i påsken?

– Eg vil anbefala Garden State! Elles ser eg på to TV-seriar – Bar Rescue, der ein kar kjem og fiksar barar som ikkje fungerer. Så ser eg Amazing Race. I løpet av det siste året har eg sett 12 sesongar av amerikanske Amazing Race. Så hos meg er det reality-bonanza, men eg har planar om å sjå ferdig Breaking Bad og Six Feet Under.

Elles vil eg anbefala Suits! Det er eit deilig og tøysete advokatdrama. Du skal kanskje ikkje ta det for seriøst, men det er veldig god underhaldning.

LES OGSÅ: Stuttreiste mord frå Lom