Pionerar i høgfjella

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentane Christian Peter Bianco Boeck (22) og Baltazar Mathias Keilhau (22) gjekk fram med forskarblikk og skisseblokk. Turistar var dei ikkje. Som studentar ved det da ni år gamle Kongelige Frederiks Universitet i Kristiania skulle dei to sommaren 1820 kartleggje geologi og botanikk på «den lavere Fjeldstrækningen» mellom Hallingdal og Valdres, men vart dratt mot dei uutforska fjella i nord, Jotunfjella, området som fjellvandraren Aasmund Olavsson Vinje seinare døypte Jotunheimen.

Det skulle gå meir enn 40 år før dei første turistane byrja å ta seg opp i dei steile fjella. Engelskmannen John R. Campbell var i midten av 1860-åra den første tindeerobraren før William Slingsby, Emanuel Mohn og Thomas Heftye la grunnlaget for den organiserte fjellturismen. Med Heftye i spissen vart Den Norske Turistforening skipa i 1868.

«Vilde, ukjente Trakter»

Tidleg på 1800-talet var det derimot berre bønder og jegerar som gjekk i høgfjellet. Få hadde skrive noko om Jotunheimen, og ikkje fanst det ordentlege kart heller. Desse «vilde, ubekjente Trakter» verka inderleg lokkande på dei spirande forskarhjernane Keilhau og Boeck, som fekk med seg reinjegeren Ole Urden frå Øystre Slidre som guide og kløvkar.

Den 12. juli nådde dei tre Austre Kalvehøgde (2.178 moh.) og nokre dagar seinare Falketind (2.067 moh.) – Vinjes favoritt-topp – og Nordre Skagastølstind (2.167 moh.). Dei prøvde seg òg på Galdhøpiggen (2.469 moh.), men nådde ikkje heilt til topps. I staden enda dei opp 750 meter lenger aust på det som seinare fekk namnet Keilhaus topp (2.355 moh.).

Skisseblokk og målarskrin

Keilhau dokumenterte turen med skisseblokk og målarskrin og gav seinare åtte måleri i gåve til vennen Boeck: «Et Album smukt utførte kolorerede Haandtegninger, hvori Fjeldvandringern var malerisk fremstillet». I Nasjonalbiblioteket er albumet i dag inkludert i den digitale nett-tenesta saman med 1 ekstra albumbilete, 22 skisser, 1 handteikna kart og 1 kopi av ein av Keilhaus akvarellar, laga av kunstnaren Wilhelm Maximilian Carpelan. Turistforeininga kjøpte samlinga og gav ho til det daverande Universitets-Biblioteket i 1890.

– Ved å dokumentere ferda si med skisser og akvarellar og reiseskildringar gjorde dei sitt til å skape merksemd om og kjennskap til dette fjellområdet, seier seksjonsleiar Arthur Tennøe i Nasjonalbiblioteket.

Keilhaus skisse av utsynet mot Hurrungane i Jotunheimen var grunnlaget for verk av Wilhelm M. Carpelan og Johannes Flintoe. Illustrasjon: Baltazar Mathias Keilhau / Nasjonalbiblioteket

– Fjellet var jo noko av det spesielle med naturen i Noreg, og på 1800-talet vart det også ein viktig del av utviklinga av den norske identiten. Frå å vere eit ukjent og frykta område dit ein kanskje måtte av heilt nødvendige årsaker, så vart det ein stad folk drog til for rett og slett å oppleve natur, seier han.

Sette standarden

Keilhau skildra oppdagingsferda i artikkelen «Nogle efterretninger om et hidtil ubekendt stykke af det söndefjeldske Norge», trykt i vekebladet Budstikken, som Selskabet for Norges Vel gav ut. Mens artikkelen nok vekte interesse for høgfjellet hos borgarskapet, vart dei dyktig utførte teikningane og akvarellane hans grunnlag for fleire seinare framstillingar av fjellet.

– Eitt av bileta deira frå Jotunheimen vart seinare reprodusert som akvatint av målaren Johannes Flintoe i Magazin for Naturvidenskaperne. Dette var eitt av dei første eksempla på ein bokillustrasjon som blir trykt og spreidd i Noreg, fortel Tennøe.

Bileta deira vart på denne måten òg forløparar til det store verket «Norge framstilt i tegninger», som kom på 1840-talet med Flintoe som medarbeidar og med tekstar av Peter Christen Asbjørnsen. Med dette verket byrja interessa for bilete av fjell og landskap å vekse fram for alvor.

Rundt 1890 drog dei første fjellvandrarane med seg kamera opp i høgfjellet. Carl Hall og Henning H. Tønsberg var blant dei første. Carl Hall tok dette fotografiet på den høgste nordlege Maradalstinden i Hurrungane ein gong mellmo 1887 og 1890. Foto: Carl Christian Hall / Nasjonalbiblioteket

Unik norsk kulturarv-teneste

Snart har Noreg som det første landet i verda digitalisert heile den trykte kulturarven.

– Ambisjonen er å få alt som er trykt i Noreg, ut i den digitale tenesta. Det målet når vi i 2017, om alt går som det skal, fortel seksjonsleiar Arthur Tennøe i Nasjonalbiblioteket.

Heile samlinga frå Keilhau og Boecks oppdagarferd i Jotunheimen er no tilgjengeleg i høg oppløysing i den digitale tenesta til Nasjonalbiblioteket på adressa http://http://www.nb.no. Den søkbare tenesta byrja med lanseringa av Bokylla i 2009 og rommar no mellom anna fleire hundre tusen bilete, 385.000 elektroniske boktitlar og eit stort tal aviser.

– Det å få digitalisert heile den trykte kulturarven er eit unikt prosjekt i verdssamanheng. Fleire land ønskjer nok å gjere det same, men Noreg er lengst framme, seier Tennøe. (©NPK)