Soning for open scene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framsyninga Fugletribunalet på Det Norske Teatret byggjer på suksessromanen til Agnes Ravatn med same namn og handlar om tv-kjendisen Allis Hagtorn som får ein bråstopp i karrieren då det blir avslørt at ho har hatt sex med kringkastingssjefen. Heile livet hennar fell brått i grus. Fallet frå suksess til skandale er brutalt. Allis vil helst forsvinna frå samfunnet. Ho maktar ikkje vera i byen og flyktar frå hus og heim, ektemann og jobb for å bli hushjelp hos ein mann i ein bygdeavkrok.

Ønsket om å sona
– Allis har på ein måte sett seg sjølv i ein veldig uheldig situasjon. Ho ønskjer å sona for det ho har gjort og straffar seg sjølv, forklarer skodespelar Marie Blokhus som har hovudrolla som Allis.

Ho fortel at den falne tv-kjendisen har eit stort ønske om å leva eit ærleg og reint liv, men at ho går i ring og strevar med å koma ut av det ho slit med.

– Ho reiser bort og stikk av frå ting heile tida, men det ho prøver å stikka av frå er i realiteten inni henne. Ho må på eit eller anna tidspunkt forstå at det er inni seg ho må løysa ting, forklarer Blokhus, som karakteriserer framsyninga som ei personleg reise for hovudpersonen.

LES OGSÅ: Sakasme-dronninga som målbind nettrolla

Kampen for å finna seg sjølv
Også Ingrid Weme Nilsen, som har dramatisert Fugletribunalet, trekkjer fram denne tematikken.

– Skuld, skam og soning er svært viktige tema i romanen. Slik er det også i teaterframsyninga, men vi har særleg lagt vekt på den personlege reisa til Allis og kampen for å finna seg sjølv forklarer Weme Nilsen.

Frå å vera ei vellykka karrierekvinne trekkjer Allis seg heilt tilbake og underkastar seg ein dominant mann – nesten utan å merka det.

– Ho definerer seg veldig mykje ut frå korleis ho speglar seg i andre folk. Det gjer at ho ikkje veit kva som er hennar eigen kjerne. Det trur eg også gjer henne svært einsam og sårbar, seier Marie Blokhus, som innrømmer at det er krevjande å stå på scenen og kjenna på skamma, det sårbare, den store skuldkjensla og einsemda kveld etter kveld.

«Tanken sit i salen»
– Mykje av handlinga i romanen er tankar som skjer inni hovudet til hovudpersonen. Korleis skal det spelast ut på scenen?

– Det som er så fint med å vera ein del av denne produksjonen er at det kjennest som vi nesten er ei frigruppe. Måten Marit Moum Aune regisserer på involverer alle ledd, seier Blokhus som er full av lovord om det kunstnarlege samarbeidet og måten romanen er gjort om til teater på.

Ho fortel at også publikum blir utfordra under framsyninga.

– Marit seier at «Tanken sit i salen». Det vil seia at eg vender meg til publikum som om eg drøftar ting med dei, forklarer Blokhus, som i framsyninga har bytt ut den melodiøse bodø-dialekten sin med dialekt frå Ølen, heimbygda til forfattaren Agnes Ravatn.

Marie Blokhus som Allis og Niklas Gundersen som Bagge. Foto: Dag Jenssen

Rosar Ravatn
Regissør Marit Moum Aune meiner Fugletribunalet er ein roman som passar godt å laga teater av, sjølv om mykje går føre seg på det indre plan.

– Det som kanskje er det viktigaste når ein skal laga teater av ein roman, er at det er skrive i eit språk som fungerer, og det har Agnes, seier regissøren og rosar Ravatn for å skriva svært munnleg.

Ho strekar under at ho alltid legg stor vekt på å få tak i forfattarstemma, men at det ikkje betyr det same som å gje att dialogane slik dei er skrivne i boka. .

– Skulle vi gjort det med Fugletribunalet ville det blitt ein tv-serie på fem episodar. Det er i så fall ein serie eg ville hatt opsjon på, seier ho og ler.

Fuglane veit
Som namnet på framsyninga tyder på, spelar fuglane ei sentral rolle i framsyninga.

– Agnes Ravatn har fortalt at der ho kjem frå, sa dei alltid «fuglane veit». Dei flyg over, ser alt og veit alt. Dei veit både kva Allis har gjort og kjenner historia til den mystiske mannen ho kjem til, forklarer Blokhus.

Ho forklarer at fuglane representerer ein slags domstol.

– Dei to karakterane må begge stå til rette for dei vala dei har teke og dei handlingane dei har gjort.

Trua på ei ny start
Romanen Fugletribunalet har blitt omtalt som thrilleraktig.

– På slutten står det mellom han og henne, røper Blokhus.

Forfattaren Agnes Ravatn meiner eit sentralt spørsmål for begge dei to hovudpersonane er om det er mogleg å starta heilt på nytt.

– Eit spørsmål i boka er kor mykje bagasje du har med deg frå tidlegare i livet og om det er mogleg med ein ny start, seier forfattaren som er svært glad for at boka no blir teater.

Marie Blokhus meiner slutten på teaterstykket gjev håp.

– Det er i alle fall ein slutt med eit potensial for at noko nytt kan starta, at noko nytt kan oppstå. (©NPK)

Les siste om teater her!