Det blir ikkje noko generelt forbod mot å bruke heildekkande ansiktsplagg på Høgskolen i Oslo og Akershus.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Eit forbod mot heildekkande ansiktsplagg ville ikkje vore i samsvar med prinsippet om lik rett til utdanning, har rektor Kari Toverud Jensen bestemt, etter at saka har vore på høyring på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), skriv Khrono.

Dermed skil HiOA lag med Høgskolen i Østfold og Telemark som begge har innført totalforbod. I Østfold gjeld dette frå hausten 2015. Ved Høgskolen i Buskerud Vestfold har Studieavdelinga føreslått å innføre nikab-forbod på alle studium og i alle skulesituasjonar, men det er ikkje endeleg vedteke.

På HiOA vil det vere opp til det enkelte fakultet om det skal stillast krav om kledning på den enkelte utdanninga.

I dei nye retningslinjene er det ikkje forbod mot ansiktsdekkande plagg i opne førelesingar der det er lite kommunikasjon mellom student og forelesar. I andre undervisingssituasjonar, der det er krav om kommunikasjon mellom studentar eller mellom studentar og forelesar, kan det derimot innførast forbod. Det gjeld også i gruppearbeid.

Ifølgje retningslinjene kan det også innførast forbod mot nikab i fleire andre situasjonar, til dømes i praksis, der det er reglane om kledning ved praksisstaden som gjeld. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE