Kommunane manglar kunnskap om radikalisering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lite kunnskap om radikalisering

– Det manglar totalt sett kunnskap om radikalisering. Spørsmålet er om vi skal sitte med dette åleine, men eg må seie at eg forventar at nokon på statleg hald med spisskompetanse på temaet kan hjelpe oss, seier ordførar Rune Høiseth i Larvik kommune til VG.

Etter at han og 22 andre ordførarar i oktober i fjor fekk eit brev frå statsminister Erna Solberg med beskjed om at dei måtte ta grep mot radikalisering, er lista over kommunar ein meiner er spesielt utsette, auka til 30, skriv avisa.

LES OGSÅ: Vestlendingar drepne i heilag krig

– Dette er eit nytt og skremmande problem, men kommunane manglar heilt klart kunnskap om radikalisering. Eg trur eit par millionar kroner til dei 30 kommunane vil kome godt med, seier Yngve Carlsson i Kommunesektorens organisasjon KS.

Han meiner det er viktig at flest mogleg fullfører skulegangen, at ungdom kan delta i idrett og inkluderande frivillige aktivitetar, i tillegg til at det blir gjort eit godt kriminalitetsførebyggjande arbeid.

– Kommunane har eit ansvar for å vere med på å førebyggje, men dei står ikkje i dette åleine, seier statssekretær Jøran Kallmyr i Justis- og beredskapsdepartementet. (©NPK)

LES OGSÅ: PST følgjer fleire personar