Kroken & Kolden nyttar lokale heltar frå Lom i bygdekrimmen sin. Sist ut er sokneprest Einar Gelius.

mm

– Me drep aldri nokon me kjenner, forsikrar Vigdis Kroken, når ho er komen vel ut av Teaterkjelleren i Oslo.

Journalisten og forfattaren frå Lom har teke turen inn til hovudstaden der skrivekollega og bokhandlar Ragnhild Kolden bur til vanleg. Tilsaman utgjer dei den dødelege duoen Kroken og Kolden, som var mellom forfattarane på programmet til Krimfestivalen i Oslo i mars.

I år kunne festivalen skilte med publikumsrekord. Me nordmenn går visst aldri lei krim.

LES OGSÅ: Rivertonpris nummer to til Karin Fossum

Samlagsskryt
Forfattarduoen er framleis høgt oppe etter scenepraten med Tom Egeland.

Marknadssjefen i Samlaget kjem med signeringseksemplar av dei tre krimromanane duoen har kokt i hop til no. Ho bekreftar det salen gav inntrykk av.

– Det gjekk veldig bra!

Det var som om lomdialekta mjuka opp publikum etter å ha høyrt om historisk krim og folk som dinglar frå klokketårnet i Oslo rådhus. Bygdekrim, vert sjangeren deira kalla.

– Stuttreiste mord, kallar Ragnhild Kolden det, og får salen til å le varmt.

LES OGSÅ: Rune Timberlid med krim frå Sognefjorden

Skrivestafett
Fleire store krimsuksessar er resultat av meir en ein hjerne. På festivalen deltek både svenskane Mons Kallentoft og Markus Lutteman, norske Mostue og Brenna, det svenske forfattarparet bak pseudonymet Lars Kepler, Carina Westberg og Tore Aurstad og Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen.

Korleis føregår eit slikt samarbeid undrar du kanskje?

Lom-forfattarane løyser det med å skrive eit kapittel kvar, slik at det vert ein slags skrivestafett. Ifølgje dei to er denne arbeidsmåten ein god måte å sikre framgang på om ein har skrivesperre. I tillegg meiner Kolden at å skriva med ein ordknapp journalist er nyttig for ein skjønnlitterær forfattar som kan utbrodere nesten uendeleg.

LES OGSÅ: Mæhle-krim til Tyskland

Slett språk
Harry Hole høyrer til i Oslo, Varg Veum i Bergen. Der mange av dei største norske krimseriane føregår i byar, skil Kroken & Kolden seg ut med sine bygdeskildringar – og sjølvsagt språket.

I 2014 var 3 av 52 norske krimutgjevingar nynorske. Krimforfattarane tykkjer heilt klart det burde vore meir, men ser ei positiv utvikling dei siste åra med forfattarar som bokaktuelle Rune Timberlid og Lars Mæhle. Sistnemnde har til og med fått ein liten honnør i sisteboka deira «Død manns kiste» når ein av dei mange med eit motiv for ugjerninga, les «Den mørke porten».

– Nynorsk er jo eit bruksspråk, men det fins faktisk somme nynorskpuritanarar som ikkje tykkjer noko om nynorsk krim, fordi dei meiner at nynorsk er eit høgtidsspråk, seier Kolden.

Kollega Kroken understrekar at dei fleste tilbakemeldingane dei får – både frå bokmåls- og nynorskfolk – er positive.

– Somme seier at det er så spanande at dei gløymer at det er nynorsk, forklarar ho.

Språket i krim var eit tema som kom opp i under festivalen. Jon Øystein Flink, ein forfattar som har gått over til krimmen, kritiserte språket i krimutgjevingane for å vere for dårleg. Dette kan Kolden seie seg einig i.

– Det er veldig mykje krim som har frykteleg dårleg språk. Eg trur at me som nynorskbrukarar er meir bevisste på språket. Nynorskfolk burde skrive meir krim, for då vert det betre krim, seier Kolden, litt spøkefullt.

LES OGSÅ: Jo Nesbø populær i USA

Kvinner mot straumen
Litteraturvitar Hans H. Skei peika på det han kallar «Harry Hole-effekten», med stadig kraftigare verkemiddel og rom for bestialske og fargerike mord. Denne blodbølgja har ikkje Kroken & Kolden kasta seg på.

– Ein kan vera enno meir makaber på nynorsk enn bokmål, men me skildrar ikkje detaljert vald. Me studerer ikkje mord. Me er meir oppteken av spenning og uhygge, enn blodsprut, forklarar dei to forfattarane.

Kolden, som er den ivrigaste krimlesaren av dei to, tykkjer slike makabre skildringar vert keisamt i lengda. Ho prisar seg lukkeleg over at det kan sjå ut som tidevatnet er i ferd med å snu, med utgjevingar som Lene Lauritsen Kjølner sine koselege “tedrikkekrimromanar” om den fargerike detektiven Olivia Henriksen.

LES OGSÅ: Ny vår for nynorsk krim

Lokalt salstriks
Det trekket som kanskje i størst grad skil forfattarduoen på K frå resten av krimkobbelet er bruken av levande førebilete. I sisteboka vert dette tydeleg for lesarar over heile landet når rikskjendis Einar Gelius dukkar opp. Han er sokneprest i Lom og det er i kraft av den rolla at han no har vorte romanfigur.

Men han er langt frå den einaste personen busett i Lom som har kome inn mellom to mørke permar. Forfattarane hugsa ikkje korleis det starta, men allereie i første boka skjedde det skumle ting på det landskjende bakeriet i Lom. Då var det naturleg å bruke bakaren som allereie var der.

Karakterane som dukkar opp i historiene er små biroller, som opptrer i kraft av yrket dei har. Anten det er kassadame på Kiwi, sokneprest eller bakar. Desse gjesteopptrinna gjer at det er knytt litt ekstra spenning til utgjevingane i nærmiljøet. Eit godt salstriks, må damene innrømma.

– Det er stadig vekk folk som prikkar oss på skuldera og spør når dei skal få vera med i ei bok, smilar Kroken.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE