Liknar sjeldan grisen

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når eg ikkje har noko betre å gjere, prøver eg å finne ut kven eller kva folk minner meg om. Det kan vere folk eg ser på gata, folk eg kjenner, folk eg les om, folk på nyheitene. Ofte minner dei meg om Hollywood-skodespelarar, sjølvsagt, eg er ikkje meir avansert enn det. Av og til minner dei meg om dyr. Eller ting. Eller maskinar. Det kjem an på humøret mitt.

Når eg verkelig kjeder meg, prøver eg å finne ut kven politikarane minner meg om. Dei som driv på og granskar og høyrer og kritiserer og debatterer justisministrar og flytevestar og anonyme røykpakkar og informasjonsplikt og asylfamiliar og fotoboksar.

Og no har eg funne det ut.

Det å vere toppolitikar i Norge, må vere som å vere frå Nord-Norge og ikkje ha lov til å vere morsom når det snør i Oslo.

Som vi alle veit, så er det få ting som gleder folk i nord meir enn overdriven mediedekning av dårlig vêr i Sør-Norge. Ein kan faktisk ha ein del folk i våre nordligaste landsdelar mistenkte for å leve for nettopp dette. Dei sit der og ventar. Sjekkar nettet som det første dei gjer om morgonen, før dusjen, før frukosten. Alltid med dette håpet: I dag skjer det. Og ein dag skjer det jo. Omtrent ein gong i året, faktisk: Nyheitene handlar om snøkaos i Sør-Norge. Det har snødd meir enn vanlig i Oslo og omegn. Bussar står. Flyplassar stenger. Bilar køyrer i grøfta. Folk må gå med lue. Alvorlige menn i dress snakkar om det på nyheitene.

Og folk i nord kastar seg over tastane og spreier vitsane til alle som vil høyre:

«Skal vi sende nødhjelp sørover?»

«SISTE! Mann (43) fekk snø i kaffelatten. Måtte kjøpe ny.»

«Fem centimeter snø taklar dei ikkje, men vinter-OL ville dei ha.»

«Våre tankar går i dag til alle i Oslo som måtte måke snø og kom fire minutt for seint til kontoret.»

Og slik kan folk halde på lenge. Veldig lenge.

Og det er folk vel unnt. Det gjer godt å godte seg av og til. Og problemet i samfunnet og kvardagen er sjeldan at det er for lite humor. Og så er det nokon frå Oslo som vitsar tilbake. Og så veit vi alle at det går over denne gongen også, og at når det kjem til stykket så heng dette landet i hop og vi liker kvarandre eigentlig ganske godt.

Men tenk deg om du er politikar.

Då har du nok også lyst til å godte deg. Tenk deg at du har hatt ein skikkelig god dag på jobben. Du har tatt justisministeren i ein feil. Fått han til å sveitte, kanskje. Det er få ting som gleder enkelte politikarar meir enn å få ministrar til å sveitte. Ein kan ha ein del av dei mistenkte for å leve for nettopp slikt. Og så ein dag skjer det. Justisministeren sveittar. Og så kan dei ikkje godte seg. Dei kan ikkje kaste seg over tastane og skrive: «Dakar store mannen i dress som måtte svare på vanskelige spørsmål.»

For dei veit at slikt får konsekvensar. Dei veit at det blir bråk. Så derfor mumlar dei «kritikkverdig» og «kraftig kritikk». 

Eller kanskje viser ei meiningsmåling at eit parti du verkelig ikkje liker, gjer det skikkelig dårlig. Du kan ikkje godte deg. Du må seie «Det går opp og ned».

Neste gong du kjenner for å kritisere politikarar, eller lurer på korleis dei har det, tenk på dette: Tenk deg at du er i Nord-Norge (dei av mine lesarar som faktisk er der, vil ha lett for dette. Alle andre må bruke fantasien). Det er fint vårvêr. Det snør i sør. Bussar står. Tog er forseinka. Og du kjem på denne artigheita om mann (43) som fekk snø i kaffelatten.

Og så kan du ikkje bruke han.

Viss du skal legge ut noko som helst, så må det vere noko sånt som at «nedbørssituasjonen er ulik i nord og sør, og uansett så går det jo over denne gongen også, og at når det kjem til stykket så heng dette landet i hop og vi liker kvarandre eigentlig ganske godt.»

Forferdelig.


Først publisert i Aftenposten 28. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!