Vaffelros i USA

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historia om Trille og Lena er i alt seld til 26 land, mellom anna Russland, Frankrike, Tyskland, Storbritannia, Japan, Kina – og sist til Latvia.

I tillegg er boka omsett til samisk.

LES OGSÅ: «Vaffelhjarte» på hindi

– Gripande augneblikk
Barnebokforfattar Maria Parr kan òg gle seg over positive meldingar frå andre sida av Atlanteren. Det prestisjetunge amerikanske litterære tidsskriftet Kirkus skriv mellom anna at romanen er «Fylt med både lystige eskapadar og gripande augneblikk», og at «Parr fortel ei særmerkt historie om kor inderleg en gut set pris på familie og vener», melder Samlaget.

I Publishers Weekly vert forholdet mellom dei norske barnebokheltane Trille og Lena samanlikna med Tommy og Annika kjent frå legendariske Astrid Lindgren sitt univers.

Parr sin debutroman «Vaffelhjarte» kom fyrste gong ut på Samlaget i 2005 med illustrasjonar av Bo Gaustad. 

Den amerikanske utgåva «Adventures with Waffles», som vert utgitt på forlaget Candlewick Press, er omsett av Guy Puzey og illustrert av Kate Forrester. 

LES OGSÅ: Maria Parr til Faluriltu

Faktaboks

Maria Parr (f. 1981)

• Forfattar og lektor.
• Kjem frå Vanylven på Sunnmøre.
• Debuterte i 2005 med barneboka «Vaffelhjarte», som fekk Nynorsk barnelitteraturpris
• For andreboka «Tonje Glimmerdal»(2009) fekk ho både Brageprisen og Kritikarprisen
• Vart årets nynorskbrukar i 2010

Kjelde: Allkunne.no