– Ungdom vil bli tatt seriøst

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette likar ungdom å lesa

– Elevane må få eit breiare utval av litteratur, seier Philip Manshaus (17), som får støtte av klassekameratane Jørgen Nyberget (18) og Nora Reneflot Thoresen (17), som alle er litteraturelevar på Oslo By Steinerskole.

I anledning tiårsjubileumet til Ungdommens kritikarpris har andre- og tredjeklasse i faget litteraturlese alle dei ni tidlegare UKP-vinnarane og kome fram til nokre fellestrekk ved ungdommens litterære preferansar dei siste ti åra.

Analysen vart presentert på jubileumsseminaret til Ungdommens kritikarpris, arrangert av Foreningen !les.

LES OGSÅ: Fryktar for lesetilbod for 200.000

Bokfilosofi
Elevgruppa peikar på at alvorlege tema som angst, depresjon og flukt er gjengangarar blant favorittbøkene til vidaregåandeelevane gjennom historia til prisen.

– Eg trur det handlar om at ungdom vil bli tatt seriøst, i alle fall kjenner eg det slik. Me er i ein fase av livet der me tenkjer, sansar og filosoferer mykje. Eg trur det stemmer at dei viktigaste bøkene ein les, les ein i ungdomstida, for då undrar ein seg mest, seier Nora, som meiner at litteraturen gjev heilt andre moglegheiter for slik fundering enn det tv-seriar gjev.

Litteraturelevane trur at ungdom set pris på desse alvorlege temaa fordi dei er inne i ein fase i livet der dei er i ferd med å finne seg sjølv. Ein overgang mellom barn og vaksen, der det kan vere freistande å flykte.

– Me er flinkisgenerasjonen og møter mykje press. Det er òg eit tema som det er mykje fokus i litteraturen. Når ungdomsskule- og vidaregåandeelevar les om det kan dei skjønar dei at dei ikkje er åleine, peikar Nora på. 

Ho har sjølv erfart at det kan vere lærerikt å lese bøker i førebuing til ein ny fase i livet.

LES OGSÅ: Ungdommens kritikarpris til Emanuelsen

Forskjellane

Nora kallar seg sjølv altlesande og hadde «Fugletribunalet» av Agnes Ravatn som sin favoritt blant dei tidlegare vinnarane, medan «Bli hvis du kan. Reis hvis du må», gjorde sterkt inntrykk på begge gutane.

I den kritikarroste boka til Helga Flatland møter ein tre barndomsvener frå ei lita bygd som verver seg og reiser til Afghanistan.

Gjennom prosjektet har elevane sett tydeleg at ungdom har ulike litteraturpreferansar. Det som får nokon til å mislike ei bok, får nokon andre til å elske den same boka.

Nettopp difor meiner dei det er viktig at elevar får møte ulike sjangrar, innanfor både klassikarane og samtidslitteraturen.

– Eg skjønar godt at yrkesskuleelevar som kanskje ikkje er så glade i å lese kan verte motlause a å få kasta Petter Dass og Camilla Collett etter seg, seier Jørgen, som sjølv kan lese klassikarar som «Forbrytelse og straff».

– Læraren må våge å sleppe tøylane litt, for me lærer mykje meir med fridom. Kanskje nokon vil lese teikneseriar, seier Nora, som får støtte av medelevane sine.

– Alt er betre enn å ikkje lese, slår Jørgen fast.

LES OGSÅ:– Det er ikkje god nok sakprosa for ungdom

Moralens voktarar
Nominasjonane til Ungdommens kritikarpris og den tradisjonelle Kritikarprisen har ofte overlappa kvarandre, men vinnaren har aldri vore den same. Det er ein tydeleg indikasjon på at ungdom leser annleis enn vaksne.

Litteraturmeldar i Bergens Tidende Gro Jørstad Nilsen meiner likevel at ikkje preferansane deira ikkje skil seg mykje frå den eldre generasjonen.

Jørstad var ein av pionerkritikarane, som var med og valde ut dei første nominasjonane til prisen og har i fleire år delteke i klasseromsdiskusjonar med juryklassane.

Historier basert på faktiske hendingar er noko ungdommen ofte vert fascinert over.  Allereie første året vart kritikarane overraska då ungdommen gav prisen til «Hoggerne» av Roy Jacobsen, framfor førehandsfavoritten «Mannen som elsket Yngve».

– Ungdom likar engasjerande samfunnskritiske romanar med postmoderne intertekstualitet, som dei kjenner seg att i. Dei er ikkje så oppteken av form, så lenge innhaldet engasjerer. Dei har ein tilsynelatande intuitiv måte å lese og vurdere litteratur på, men debattane i klasserommet skil seg ikkje mykje frå debatten elles i samfunnet, forklarar Jørstad til dei frammøtte på jubileumsseminaret.

Litteraturvitaren meiner ungdom er svært moralske i si lesing og har merka seg at elevar ser ut til å irritera seg over romanar som ikkje har ein lukkeleg slutt.Medan vaksne kan tenkja at det er originalt når det ikkje ender godt, vurderer ikkje ungdom det som ein ekstra kvalitet. På same måte ser ikkje ungdom fleirtydigheit som eit sikkert teikn på kvalitet, i somme tilfelle oppfattar dei det som uklart og ullent, forklarar Jørstad, som tykkjer ungdom er kritiske og skarpe lesarar.

– Ei utbreidd førestilling er at ungdom føretrekk handlingsmetta forteljingar. Ei anna førestilling, som stemmer betre, er at ungdom bruker identifikasjon. Dei likar samansette karakterar, men det speler ikkje noka rolle om dei er på deira alder. Somme gonger har dei lettare for å identifisere seg med ein 40-årig politimann enn ei ung jente, forklarar Jørstad frå talarstolen på jubileumsseminaret.

Dette kjenner dei tre vidaregåandeelevane seg att i.

Steinerskole1

Philip Manshaus (17), Jørgen Nyberget (18) og Nora Reneflot Thoresen (17) meiner driv er ein viktig faktor i ei god bok. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

LES OGSÅ: – Nynorsk er ikkje så vanskeleg

Drivande godt
Sjølv om dei veit mykje om kva ungdom likar, vart Philip litt overraska over vinnarane av Ungdommens kritikarpris.

– Stereotypen er jo at ungdom er mest tiltrekt av fantasy, seier Philip, og peikar mellom anna på verdssuksessen Harry Potter.

Sjølv føretrekk han pageturnerar som Dan Brown.

I tredjeklassen er det ingen gutar som har valt litteratur, medan dei er fem i andreklasse. Sjølv om dei tre vidaregåandeelevane meiner det er noko i mantraet om at gutar ikkje les, trur dei tendensen er i ferd med å snu.

Andre stereotypar som Jørgen meiner kan avkreftast er at ungdom ikkje liker store bøker.

Men at ungdom likar bøker med driv, er klassekameratane einige om, og forklarar at det kan ligge i handlinga men òg i sjølve språket.

– Det kan vera ei eskalerande karakterutvikling der ting vert avslørt litt etter litt, forklarar Philip, som meiner ungdom ofte har betre smak enn sit rykte.

LES OGSÅ: Vil sjå lesande menn

Lesehestar
Både Philip og Nora har gått på offentleg skule før dei byrja på Steinerskulen. Dei tre har ulike skuleløp, men ar alle einige i ein ting: Dei vil ha meir litteratur i skulen.

I litteraturformidlinga meiner dei læraren har ei både viktig og vanskeleg rolle. Det er trass alt ikkje lett å vise så mange ulike personar vegen til den litteraturen som passar dei. Ofte kjem læreplanar i første rekkje og tida strekk ikkje til.

Philip foreslår meir litteratur framfor nynorsk grammatikk.

– Ein kan jo lære mykje grammatikk av å lese bøker, skyt Jørgen inn.

LES OGSÅ:– Startar for seint med nynorsk

Fakta

Vinnarar ungdommens kritikarpris:

2014-15 – Birger Emanuelsen for «Fra jorden roper blodet» 

2013-14 – Agnes Ravatn for «Fugletribunalet» 

2012-13 – Eivind Hofstad Evjemo for «Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet»  

2011-12 – Stig Sæterbakken for «Gjennom natten»

2010-11 – Helga Flatland for «Bli hvis du kan. Reis hvis du må»

2009-10 – Jon Øystein Flink for «Sex, død og ekteskap»  

2008-09 – Nikolaj Frobenius for «Jeg skal vise dere frykten»  

2007-08 – Johan Harstad for «Hässelby»

2006-07 – Bjarte Breiteig for «Folk har begynt å banke på»  

2005-06 – Roy Jacobsen for «Hoggerne»