Så kvifor i alle dagar skulle ikkje FN ha ein dag for lykke?

mm

Du var sikkert ikkje klar over det, eller du var travelt opptatt med å gjere narr av det, eller fnyse av det, eller du var ute og drakk opp lønna di saman med folk du eigentlig ikkje liker, men fredag var det FNs internasjonale dag for lykke.

Og før du no begynner å gjere narr, eller fnyse, eller – gud forby – kimse: FN har ein villmarksdag, ein jazzdag, ein fjelldag, ein tv-dag og ein toalettdag. Dessutan var 2014 FNs internasjonale år for krystallografi. 2013 var FNs internasjonale år for quinoa. Og 2011 var FNs flaggermusår. Og alt dette er sant. Med eitt unntak. Det får du finne sjølv.

Så kvifor i alle dagar skulle ikkje FN ha ein dag for lykke? Om eg hadde valet mellom lykke og flaggermus, vil eg valt lykke, kvar einaste dag.

Så det er for lett å gjere narr. Og fnyse. Om kimse. Spesielt kimse. Det er fint med ein FN-dag for lykke.

Og la meg for all del nytte denne anledninga. Eg skal fortelje deg kva som gjer meg lykkelig. Bortsett frå dei opplagte tinga, sjølvsagt: Kjærleik, vår, folk som smiler, pop-musikk, teiknspråktolken i den svenske Melodi Grand Prix-finalen, ein plutselig pubtur på søndag ettermiddag. Det som i tillegg til alt dette gjer meg skikkelig lykkelig tvers gjennom absolutt heile kroppen, er dette:

I anledning lykkedagen, bad FN folk om å velje songar som gjer oss lykkelige, slik at det kunne lagast ei speleliste med verdens lykkeligaste songar.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon fronta sjølv initiativet i ein video der han snakka akkurat passelig klønete om «the universal language of music», smilte keitete og sa at han blei lykkelig av «Signed, sealed, delivered» med Stevie Wonder.

Og eg veit det nok. No begynner du igjen. Med latterliggjering. Og fnysing. Og – typisk – kimsing. Er det liksom dette som skal løyse verdens problem, seier du. Er det dette verdsorganisasjonen skal bruke tida si til? Og sjølvsagt måtte generalsekretæren velje noko så korrekt og lite truande som ein blind universelt beundra veteran som mellom anna har laga ein av verdens mest kjende kjærleikssongar og ein av verdas mest kjende anti-rasistiske songar.

Vel. Her kunne eg ramsa opp titlar på trøsteslause dokument som ein elles bruker tid på i FN. Men det skal eg ikkje gjere. Fordi eg trur du har tatt poenget. Og fordi dette ville fordra ein del research som eg ikkje har tid til, sidan det er vår, og eg skal bruke tida mi til å vere lykkelig. Og sjølvsagt fordi eg blir veldig glad av å vite at FNs generalsekretær liker ein skikkelig dansbar song som begynner med eit skrik og som gjentek orda «Oooh baby» ganske ofte.

Dette gjer meg glad, nettopp fordi dei utvilsamt burde ha viktigare ting å gjere i FN. Akkurat det at slike folk kanskje syng «Oooh baby» i korridorane mellom møta der dei skal avskaffe fattigdom og krig, akkurat det gjer meg lykkelig. Desto gråare folk, og desto viktigare jobbar, desto lykkeligare blir eg av å tenke på at dei også innimellom diskuterer kva songar som eigentlig er dei finaste. Dei har mange års høgare utdanning. Dei har ambisjonar og ting i øyrene. Dei har teoriar innabords som dei fleste av oss ikkje vill nådd opp til om vi stod på verdens høgaste bygning og hoppa. Dei har planar og internasjonal erfaring. Dei har fulle kalendrar og rådgivarar som er ute etter jobbane deira. Likevel hender det at dei av og til spør seg:

Jojo, men kva er det som gir deg lyst til å danse?

Det er det som viser at dei ikkje heilt har gløymt kvifor dei eigentlig har viktigare ting å gjere. Og det gjer meg lykkelig. Det gjer at eg kjem til å sjå litt mildare på dei, den neste gongen eg ser bilde frå FNs hovudkvarter, og dei sitt der, med dokumenthaugar på bordet, lunsj i magen og lengsel i blikket.

Det kan hende dette er mine folk likevel.

Det var forresten løgn at eg hadde funne på nokon av FN-dagane og FN-åra sjølv. Alle er faktiske FN-dagar og -år. Så du kan slutte å leite. Og heller gå ut for å danse.


Først publisert i Aftenposten 22. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE