Samar er ikkje som alle andre: Dei er rett og slett meir engasjerte.

– Det samiske har gått frå ein kvardagsleg og hyggeleg ting, til at eg har byrja å sjå kontrastane mellom den tradisjonelle samiske levevegen og det moderne samfunnet, forklarar Aslak Heika Hætta Bjørn. 

22-åringen har vore leiar i Finmark Natur og Ungdom og gjekk nyleg ut av sentralstyret i organisasjonen. Han er ein av mange engasjerte samar.

Dobbelt så engasjerte
Det er omtrent dobbelt så mange samar som i den norske befolkninga totalt sett som oppgir at dei er medlem av eit politisk parti eller en partipolitisk ungdomsorganisasjon. 

Det forklarar professor Kristin Strømsnes ved Universitet i Bergen, som er ein av forfattarane bak boka «Den samiske medborgeren».

– Ein grunn til den omfattande partiaktiviteten er nok utviklinga av sametingssystemet, og dermed samanes doble medborgarskap og høve til deltaking gjennom to ulike politiske kanalar, forklarar professor Strømsnes, og legg til:

– Eit anna interessant funn er at samane er meir interessert i lokalpolitikk i forhold til det den norske befolkninga totalt sett.

LES OGSÅ: – Enklare å bruka samisk på sosiale medier

Lokalt naturvern
Det var nettopp lokalsaker i nord som vekte engasjementet til Aslak Heika Hætta Bjørn. 

Naturengasjementet og bevisstheita kring det samiske har utvikla seg i ein slags symbiose for guten frå Pasvik i Finnmark. For i nord går ofte naturvern og vern av samisk kultur hand i hand.

– Det er ikkje ei kraftlinje som øydelegg for reindrifta, men gjerne ti linjer og fire vindkraftverk. Tradisjonelle næringar er under stadig press frå industrien, og kan ikkje argumentere med at dei er meir lønsame. Reindrifta er i ein desperat situasjon og det er ein viktig del av samisk kultur, seier 22-åringen.

LES OGSÅ: – Det er langt frå Kautokeino til Grünerløkka

Samisk oppvakning
Akkurat kor mange samar som finst i Noreg finst det ikkje oversikt over. Difor er det vanleg å gjere eit anslag ut ifrå kor mange som bur i samiske område, i 2013 var dette omlag 55.000. 

For å verte innført i samemanntalet må ein erklæra at ein oppfattar seg som same. I tillegg må ein anten sjølv ha samisk som heimespråk, ha ein forelder, besteforelder eller oldeforelder som har hatt samisk som heimespråk, eller vere barn av ein som er registrert i samemanntalet.

Dei siste åra har det vore ei jamn auke i samar registrert i manntalet. Til stortings- og sametingsvalet i 2013 var i overkant av 15.000 personar registrert i samemanntalet.

Sidan manntalet berre består av personar over 18 år som sjølv har skrive seg inn, er talet på samar i Noreg langt høgare.

Undersøkingane til Strømsnes er gjennomført blant folk som bur i samiske språkforvaltningsområdet – både samar og ikkje-samar. I tillegg har ho sett på manntalsførte samar landet over. 

Ikkje overraskande er engasjementet høgast blant dei manntalsførte samane, men funna viser òg at folk som oppfyller kriteria til å melde seg inn i samemanntalet utan å vere det er meir politisk aktive enn resten av befolkninga.

Leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Norereh, Helge Aslaksen Ravna, er litt overraska over funna, men tykkjer likevel det gjev meining.

– Eg trur det kan ha å gjere med den samiske oppvakninga me kjenner på no. Folk som finn ut at dei er samiske og kjenner på at dei har vore undertrykt, for så å engasjere seg i samisk kultur og andre samiske saker, meiner den engasjerte samen.

LES OGSÅ: Stadig fleire studerer samisk


Piera Heaika Muotka i Norske samers riksforbund (NSR) meiner det samiske engasjementet har samanheng med at samiske interesser ikkje vert ivaretekne. Foto: NSR

Frå skulekamp til Sametinget
Heller ikkje Piera Heaika Muotka i Norske samers riksforbund (NSR), som er ein av dei yngste representantane på Sametinget, er overraska.

– Eg er ganske sikker på at av dei som har ein sterk samisk identitet, ofte vil befinne seg i ein eller annan organisasjon i løpet av sitt liv. Personleg så trur eg det har ein klar samanheng med kommunale tilbod i samiske og nordnorske kommunar ikkje tek seg godt nok av samiske tilbod, seier 22-åringen på telefon til Framtida.

Sjølv vart Heaika Muotka for alvor engasjert då kommunen foreslo å leggje ned Skånland vidaregåande skule, ein skule der han og mange andre samiske elevar gjekk.

– Det er gjerne på lokalt nivå at slike saker dukkar opp. Skular og skiltsaker, skaper spesielt mykje engasjement lokalt, forklarar  Piera Heaika Muotka.

Han peikar på at det framleis er mange store prinsipielle saker knytt til samar som enno ikkje er avklart og meiner å kunne sjå eit aukande engasjement spesielt blant samiske ungdommar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE