Rivertonpris nummer to til Karin Fossum

Karin Fossum fekk onsdag Rivertonprisen for årets beste krim i 2014 for boka «Helvetesilden». Det er andre gong ho får prisen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Riverton til Karin Fossum

«Helvetesilden» er bok nummer tolv i serien om etterforskar Konrad Sejer. Første gong Fossum fekk prisen var i 1996 for «Se deg ikke tilbake!», den andre boka om Sejer.

Bøkene til Fossum er omsette til 25 språk. Fleire av bøkene er filma både for radio og TV med Bjørn Sundquist i hovudrolla som den ettertenksomme politimannen.

Rivertonprisen – Den gylne revolver – blir delt ut kvart år til forfattaren av årets beste norske kriminallitterære arbeid. (©NPK)

LES OGSÅ: Desse kunne vinna Rivertonprisen