Bergensarar studerer mest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Studentar ved Noregs Handelshøgskule (NHH) brukar i snitt 40 timar på skulearbeid i veka. Det er 11 timar meir enn studentane på Handelshøgskulen BI, som i snitt brukar 29 timar i veka på studiar.

Det syner ei samanlikning basert på Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) sitt studiebarometer. Dei aller flittigaste studentane går på Bergen Arkitekturhøgskule (BAS). Der brukar studentane 55 timar i veka på fagleg aktivitet. Det er meir enn dobbelt så mykje som studentane ved Høgskulen i Nesna, høgskulen med dei minst arbeidsame studentane i landet, med eit studiesnitt på 23 timar.

LES OGSÅ: Reinvaskar «slappe» studentar

Administrasjonssjef Kjersti Gummerson ved BI meiner det er vanskeleg å legga for mykje i tala, mellom anna fordi studiebarometeret ha slått saman tidsbruk for master- og bachelorstudentar.

– Det gjer at det ikkje kjem så enkelt fram at masterstudentar på BI brukar 42 timar i veka på fagleg aktivitet, seier Gummerson og legg til at det plasserer masterstudentane på BI i toppsjiktet.

Bachelorstudentane på BI brukar 26 timar i veka på skulearbeid, og hamnar med det under snittet. Det kommenterer ikkje Gummerson.

LES OGSÅ: Går ut mot studieavgift-forslag

Høgt fråfall
Eigedomsmeklarstudentane Silje Hegre, Emilie Hamansen, Henning Sørensen og Chris Philip Stangeby sit rundt eit bord og jobbar med oppgåver. Dei er BI-studentar i Nydalen og meiner det er lettare å opparbeida seg lesevaner når ein har studert lengre.

– Eg leser jamnare no enn tidlegare i studiet, seier Hegre.

Studentane er samde i at ikkje alle er like engasjerte på BI. Hamansen påpeiker at mange har falt av sidan studiestart, medan Hegre meiner nokre studentar søkjer seg inn på BI fordi dei ikkje heilt veit kva dei vil, og har lyst til å prøva ut alternativ.

Grafikk: Universitas

LES OGSÅ: – Har du tenkt deg til utlandet, bør du revurdera det.

Eit urettferdig rykte
Stangeby meiner likevel at BI har eit urettferdig rykte. Han slår fast at eigedomsmekling er eit yrke der det du gjer utanfor pensum er like viktig som å lesa.

– Eg er på ulike foredrag med folk frå næringslivet, og har nettopp fått meg ein studierelatert jobb, seier Stangeby som meiner slike aktiviteter ikkje kjem fram så lett i Studiebarometeret.

Med pensumbøkene framfor seg meiner studentane at dei har funne ein god formel for læring.

– Det å jobba i grupper etter arbeidskrav fungerer alltid best, seier Sørensen.

Kjetil Bjorvatn er dekan på NHH. Han vil ikkje samanlikna NHH og BI, men meiner det er ein samanheng mellom tid brukt på å studera og læring. Han er nøgd med NHH-studentane sin faglege aktivitet.

– Me tek inn nokre av landets flinkaste studentar, seier Bjorvatn.

Han meiner studentane på NHH jobbar så hardt fordi skulen forventar mykje av dei og at studentane forventar mykje av skulen. Dekanen legg likevel til at NHH-studentar må bli endå betre til å lesa jamt gjennom heile semesteret for å unngå skippertak før eksamen.

Arkitekturstudentar er flittigast
På toppen av NOKUT sitt studiebarometer over tidsbruk tronar Bergen Arkitekturskule (BAS). Der brukar studentane så mykje som 55 timar i veka på faglege aktivitetar.

Cecilie Andersson er rektor på BAS og trur det er ein samanheng mellom iveren til arkitekturstudentane og skulen sine opptakskrav.

– Me tek ikkje inn studentar gjennom vanleg opptak, men gjennom intervju, seier Andersson.

Ho meiner det allereie då blir lagt merke til kven som verkeleg er drivne av arkitektur.

På BAS vurderer ein eksamenar som stått eller ikkje stått. Sjølv om studentane kan satsa på å fylla minstekrava prøver dei heller å vera ambisiøse og gjera det så godt som mogleg, trur Andersson.

– For studentane våre er det ein livsstil, seier rektoren.

Meir enn ein jobb
Arkitekt- og designhøgskulen i Oslo (AHO) hamna på fjerdeplass i studiebarometeret med 49 timar i veka på skulearbeid. Kommunikasjonssjef Trude Kleven påpeiker også at AHO-studentar må gjennom spesielle opptakskrav. I tillegg skildrar ho studentane som motiverte og arbeidsame.

Kristine Heimdal, Peder Pili Strand og Kjetil Mikael Sortland sit i sit i biblioteket på AHO med ein modell av vikingskiphuset som er deira eksamensprosjekt. Studentane meiner det er lettare å halda seg motivert når ein får lov til å utvikla og jobba med sitt eige prosjekt.

AHO held, som BAS, døgnopent og skal me tru studentane er dei også på plass om natta. Ifølgje Sortland har studentgjengen hatt fleire netter på skulane sine lokale. Dei tykkjer ikkje det er så problematisk.

– Dette er meir enn ein jobb for oss, seier Strand.

– Det er ein livsstil, legg Heimdal til.

Høgskulen i Nesna hamna nedst på lista. Der brukar studentane berre 23 timar på skulearbeid i veka. Høgskulen i Nesna ville ikkje kommentera saka.

LES OGSÅ: 3 av 10 nøgde med studieoppfølging