Skaper filmmiljø for unge i vest

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skaper filmmiljø i vest

Filmfestivalen fyller ti år i år, og har heile vegen gått under slagordet «Ung kortfilm på det beste».

– Sogndal Filmfestival er ein filmfestival for unge kortfilmskaparar på heile Vestlandet. Dette blir det tiande arrangementet vårt, arrangert av tredjeklasse i Media og kommunikasjon ved Sogndal Vidaregåande Skule, fortel festivalsjef Oddvar Vigdal.

For på dette punktet skil Sogndal Filmfestival seg frå ein god del andre festivalar. Det heile blir gjennomført av elevar på vidaregåande skule.

– Me har ein kontaktperson og ein mentor frå skulen, men all drift og marknadsføring er styrt av klassen. Mentoren følgjer med og passar på at me gjer det me skal.

LES OGSÅ: Søsken vann amerikanske filmhjarte

Action og animasjon
Festivalen går over to dagar i slutten av mars, og består hovudsakleg av ei prisutdeling og foredrag av sentrale filmfigurar. I år kjem NRK-journalist Arve Uglum, regissør Ulrik Rolfsen og skodespelar Anders Baasmo Christensen til Sogndal.

– Anders Baasmo Christiansen virka veldig takksam, han gleda seg til å komma hit. Me var heldige med at datoen passa inn i tette tidsskjema for alle foredragshaldarane, seier festivalsjefen.

Han fortel også om eit høgt nivå og breitt spekter i filmane som blir påmelde til festivalen.

– Me ser stadig aukande kvalitet på filmane me får tilsendt. Dei er gjennomtenkte og godt filma. I juniorklassen ser me til dømes mykje fiksjon. Dei er kreative, og lagar ufatteleg spennande filmar.

Blir ikkje tatt seriøst
Festivalen blir planlagt og gjennomført av vidaregåande-elevane utan særleg innblanding frå andre. Etter ti år med festivalar merkar festivalsjefen at det no går bra for så unge arrangørar å gjennomføra ein festival – men det er ikkje alltid dei blir tatt på alvor.

– Til tider føler me at me ikkje blir tatt så seriøst fordi me kjem frå tredjeklasse på vidaregåande. Det er profesjonelle folk me kontaktar som ofte er vandt med noko anna. Men dei foredragshaldarane me har no tek oss veldig seriøst.

LES OGSÅ: Ungdom blir diskriminert i samfunnsdebatten

Ein motivasjon
Festivalen håpar dei kan motivera unge filmskaparar til å satsa, og festivalsjef Oddvar Vigdal har trua på at dei gjer nettopp det.

– Me ser at folk som tidlegare har delteke på festivalen allereie no er ute i mediebransjen. Det er veldig engasjerande å delta på noko slikt, det er viktig for ein ung filmskapar, å testa og visa seg fram. Me fungerer nok som ein motivasjon.

Kva er din favoritt?
Festivalen blir arrangert i starten av neste veke, men i mellomtida kan du stemma på din favoritt til å vinna Publikumsprisen hos NRK Sogn og Fjordane.

Me har diverre ikkje fått høve til å visa filmane her, men du kan sjå alle hos NRK. I faktaboksen ser du ei kort skildring av dei nominerte til Publikumsprisen.

I tillegg til Publikumsprisen blir det delt ut Juniorpris for alle under 16, Seniorpris for dei over 19, Beste etterarbeid, Beste dokumentarfilm, Beste regi og manus, Sportsprisen og ikkje minst Fagjuryprisen, som blir delt ut av Sparebanken Vest.

LES OGSÅ: Vil vere ei stemme for dei stemmelause

Desse er nominert til Publikumsprisen, med skildringar frå festivalsjefen:

Jordalen er ein dokumentarfilm om Ole Bjørn Skogheim som gjennom vakker natur tek seg fram til hytta si i Jordalen.

Spindelvev er ein kunstfilm laga av Anna og Berit Einemo Frøysland og viser vakker dans i vakker natur, med ei interessant historie i botn.

Mnemosyne er ein kunstfilm laga av Anna og Berit Einemo Frøysland. Filmen tek for seg eit søskenpar og me får presentert ei djup historie gjennom dansen.

Jogging i Bergen er ein film laga av Daniel Volle. Som tittelen avslører tek den føre seg ein joggetur i Bergen, men gjennom god lydbruk og klipping får me presentert ei heilt ny side av ein heilt vanleg joggetur.

Feit Klubb er laga av Asbjørn Lote. Filmen tek for seg eit forhold mellom to personar, og avsluttar på ein artig og overraskande måte.

Månevenn er ein musikkvideo laga av Daniel Volle. Songen "Made in Norway" av bandet Månevenn, blir framført i flott norsk natur og urbane industriområder. 

TV-venne er ein stop-motion film laga av Daniel, Marte, Marit og Vegar frå Hafslo Barne- og ungdomsskule, og tek føre seg ei spennande historie som utspelar seg frå diskusjonen om TV-kontrollen.

Downhill er ein actionfilm laga av Jonas Mølmesdal Flaten og Thomas Alme Matre, og presenterer downhill-sporten i si beste drakt. 

Move Forth er ein dansefilm laga av Jonas Mølmesdal Flaten og Thomas Alme Matre, og viser breakdancing i slow-motion

The Chosen One er ein fiksjonsfilm laga av Gjest Ingeson Kvåle. Filmen inneheld romfartsreiser og eit avansert plot, framført på ein god måte.

Stem på din favoritt her!