Det er like greitt å innrømme det. Mykje av det vi gjer, gjer vi for å irritere folk. Det kjennest godt å irritere folk. Det å irritere folk er undervurdert som motivasjon.

mm

Mange trur at folk som legg ut bilde av alle sine fantastiske måltid, barn, vennetreff, treningsøkter og ferieturar, gjer det for å skryte. Det trur ikkje eg. Eg trur mange gjer det fordi dei veit at det irriterer andre. Og la oss innsjå det: Mange andre er irriterande, og fortener at nokon irriterer dei tilbake.

Eg trur også at dei fleste store og mektige menneska er ganske like oss andre, og at dei også finn glede i å irritere andre. Sjølvsagt er det irriterande for Erna Solberg å jobbe og jobbe og drøfte og kompromisse og halde på, medan Jonas Gahr Støre berre går omkring og er Jonas Gahr Støre, og når han er på sitt mest uklare er det til og med så vidt han er det. Likevel viser den eine meiningsmålinga etter den andre at 15000% av det norske folket vil ha Støre som statsminister. Sjølvsagt irriterer det Erna Solberg. Og sjølvsagt gir det Jonas Gahr Støre ein viss glede at det irriterer henne. For, ja, eg trur at også Jonas Gahr Støre er i stand til å føle glede. Eg trur godt om folk.

Eg vil ikkje dra det så langt som til å seie at sjølve grunnen til at Jonas Gahr Støre driv med politikk, er at han irriterer andre når han gjer det bra. Det trur eg ikkje. Men eg trur heller ikkje det gjer han noko at han irriterer Erna Solberg.

Og det forstår eg. Og eg liker det litt. Eg er slik sjølv. Eg er frilansar med heimekontor. Og når det no i ein del dagar har vore vakkert vårvêr der eg bur, og eg har det slik at eg for eksempel kan ta  arbeidsdagen på ein benk i parken, eller på terrassen min, eller rett og slett utsette han til det blir regn, eller sitte på utekafé og lese Stephen Frys sjølvbiografi og kalle det research, så lar eg jo ikkje vere å seie frå om det til folk eg kjenner som har innandørs arbeidsplass og fast arbeidstid. Eg seier frå. Klagar litt over at eg har blitt solbrent, kanskje. Og eg innrømmer gjerne at det hadde ikkje på nokon måte vore like morsamt med utekontor viss det ikkje var for at det irriterte folk. Eigentlig er det faktisk ganske upraktisk. Men ikkje sei det til nokon.

Av og til, når det blir for varmt på terrassen eller noko, tek eg meg ein lang pause og ruslar omkring i gatene i nokre timar. Det har eg gjort mykje av denne veka. Og når ein ruslar i bygater, så kjem ein gjerne over desse papiravisene som står på utsida av kioskar og butikkar, til glede for alle som ikkje har internett. Og der ser ein gjerne overskrifter som seier noko om kva folk driv og balar med for tida. Og denne veka har det vore mykje overskrifter om folk som gjerne vil jobbe. Om Davy Wathne som kanskje må gå av med pensjon berre fordi han er pensjonist. Om ein NRK-journalist som går til retten for å få jobbe vidare. Om regjeringa som vil at du skal få jobbe til du er 72.

Og der går eg og tenker, som eg tenker kvar vår, at det er det siste eg vil. Den første vårveka kvart år, tenker eg at det hadde vore fantastisk å vere pensjonist. Der ser du kva irritasjon gjer med folk. Eg irriterer folk fordi eg jobbar på ein sånn måte at det verkar som eg har fri: Ruslar i gatene, sitt på terrassen, les bøker. Og heile tida medan eg har det sånn, går eg og irriterer meg over dei som faktisk har heilt fri. Som kan gjere noko viss dei vil. Men dei kan også la det vere.

Det hadde vore noko, tenker eg.

Det hadde irritert folk det.


Først publisert i Aftenposten 14. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE