Har du sett på maken!?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

– Den svarte er veldig spesiell. Eg har aldri sett ein sånn før, seier Magnus Losnegård til Sunnhordland.

I går var linjeryddaren i SKL på jobb ved Russekleiv mellom Lundsseter og Vatnadalen på Stord.

– Då me var ferdige med lunsjen vår møtte eg den svarte hoggormen, held Losnegård fram.

Uredd fiska han fram mobilen og foreviga den store, svarte ormen.

– Om eg var redd? Nei, eg synest dei er tøffe, seier Losnegåd. 

LES MEIR: Alvorleg sjuk etter hoggormbit

Snakk om (u) flaks!
Men den ormeglade 21-åringen rakk ikkje å leggja telefonen ned att i lomma før han trefte på nok ein orm.

– Det låg ein like bortanføre. Det var berre nokre meter som skilte dei, seier Losnegård.

Den andre ormen hadde det tradisjonsrike sikksakk-mønsteret på ryggen.

– Du må ha vore ganske nære ormane når du knipsa desse bileta med mobilen?

– Ja, eg var ganske nære. Men dei såg veldig rolege ut.

– Trefte du fleire ormar denne dagen, då?

– He-he, nei. Men eg følgde godt med, seier Losnegård.

LES MEIR: Sommarplagene bit seg fast

Veks fortare
Naturfotograf Jan Rabben, frå Stord, har teke bilete av mange hoggormar i løpet av si karriere.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Har du nokon gong fanga ein kålsvart ein?

– Nei, det har eg faktisk aldri sett før. Utanom på bilete, då, seier Rabben til Sunnhordland.

– Er dei uvanlege?

– Svarte hoggormar kan vera vanlege nokre stader. Dette handlar om ein balanse mellom fordelar og ulemper. Er hoggormen svart, tek den til seg meir solvarme og veks fortare. Men den blir også meir synleg for rovdyr. Men dette veit eg ikkje nok om, understrekar Rabben.

LES OGSÅ: Kortare vinter gjev meir flått

No kjem dei fram
Sunnhordland har allereie fått fleire lesarbilete av hoggormar til no i år.

No når det i tillegg er meldt sol og varmare temperaturar, reknar Rabben med at mange kjem til å støta på hoggorm i dagane som kjem.

– Det er litt tidleg enno, men sola varmar såpass godt no at om den skin så lokkar den nok ormane fram òg.