Ordførar ber samferdselsministeren om meir lokalt sjølvstyre i vegsaker.
  

Rune Sæbønes, Møre-Nytt
Rune Sæbønes, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Ordførar Arild Iversen i Volda vil ha eit enklare opplegg for skilting av kommunale vegar.

Han har fleire gonger opplevd at endringar av skilt på kommunale vegar er unødig tidkrevjande prosessar. No tek han kontakt med samferdselsministeren om saka.

– Når det oppstår eit behov for endra skilting på ein kommunal veg, vert ein ny skiltplan i kommunen vurdert fagleg av administrasjonen og det vert gjort politisk vedtak. I tillegg skal lensmannen uttale seg om saka. Så langt er dette ikkje urimeleg, seier Iversen i brevet.

LES OGSÅ: Dette blir hovudrutene mellom aust og vest

Vegvesenet
Men då viser han til at i alle saker som gjeld skilting, også på reine kommunale vegar, er det etter regelverket Statens vegvesen som endeleg godkjenner ny skiltplan.

– Dette er tidkrevjande. Eg har erfaring med at sjølv enkle saker kan ta år for endeleg avgjerd. Konsekvensen av dette er at vi vert tilbakehaldne med å tilpasse til meir føremålstenlege måtar regulere lokal trafikk på f. eks i sentrum eller i eit bustadområde, seier Iversen.

Han finn det naturleg at Statens vegvesen er fagmynde på det overordna vegnettet, og vil ha eit ord med i laget på vegar som grensar inn til slike vegar.

– Men på reine lokale, kommunale vegar tilseier mi erfaring at kommunal handsaming i samarbeid med lokalt politimynde fullt ut er tilstrekkeleg. Eg vil oppmode samferdselsministeren om å sjå på dette som eit enkelt men ikkje uvesentleg tiltak for forenkling, og som i tillegg vil styrke lokalt handlingsrom og redusere unødige byråkratiske prosessar, seier Iversen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE