Lektorar vil ha debatt om sidemål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha debatt om sidemål

– Svara kan tyda på at vi treng ei ny debatt om statusen til sidemålet, for her ser eg nokre overraskande og tydelege signal både i talmaterialet og i kommentarane til undersøkinga, seier leiar i Lektorlaget, Gro Elisabeth Paulsen til Lektorbladet.

LES OGSÅ: – Meir sidemål fungerer betre enn fritak

Store arbeidsmengder
I spørjeundersøkinga som blei gjennomført blant 200 norsklærarar i januar i år, kjem det fram at 70 prosent av lærarane meiner arbeidsmengda er for stor. Sidemålsundervisninga er det området dei fleste vil skjera ned på. Så mykje som 45,5 prosent av norsklektorane meiner sidemålsundervisninga kan reduserast.

Det overraskar også leiaren i fagutvalet for norsk, Astrid Weel Sannrud.

– Det er oppsiktsvekkjande at 55 prosent synest sidemålsundervisninga er viktig eller svært viktig, medan heile 30 prosent synest ho er lite/svært lite viktig, skriv ho i ein kommentar til undersøkinga.

LES OGSÅ: Vil ha halve pensum på nynorsk

Ikkje negative til nynorsk
Ho meiner resultatet heng saman med at mange lærarar synest arbeidsmengda i norskfaget er stor og ikkje at lærarane har noko imot nynorsk.

– Oppfatninga vår er at dei fleste lærarane har hatt eit oppriktig ønske om å få elevane til å forstå den viktige historiske rolla til nynorsken og læra dei å beherska målforma, skriv ho.

Med tanke på den store arbeidsbøra til mange norsklærarar, meiner ho likevel det er «nødvendig med en bred, uhildet debatt om sidemålsopplæring, sidemålsvurdering og arbeidsbyrde i faget» (©NPK).