Går ut mot studieavgift-forslag

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seier nei til studieavgift

Han reagerer på forslag frå kommisjonen som skal kartlegga manglande produktivitet her i landet – mellom anna fråfall i studia.

Kommisjonen har foreslått fleire tiltak, mellom anna studieavgift og eit turbostipend. Begge desse forslaga går Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), kraftig imot, skriv Studvest.

LES OGSÅ: Dei stoppa skulepengar

– Ein utruleg dårleg idé
Forslaget om studieavgift er lagt fram som eit «mogleg element i endring av studiefinansiering og betring av insentiva til studentane». Kvernmo Langset samanliknar det med det omstridde forslaget om skulepengar for internasjonale studentar, som kom og gjekk i fjor.

– Så vidt me veit er det ingen politisk vilje til å innføra skulepengar ved norske universitet og høgskular. Stortinget sa nei i fjor, så kvifor går kommisjonen inn på dette igjen, spør Kvernmo Langset i Studvest.

Også «turbostipendet» – forslaget om at meir av studielånet blir til stipend om du fullfører graden din på normert tid – går NSO-leiaren imot.

– Det er veldig dyrt, og ein brukar pengane på dei som allereie har fått det til. Studentane treng pengar medan dei er studentar, seier Kvernmo Langset til Studvest.

LES OGSÅ: Gjer undervisinga smartare

Vil sjå nærare på turbostipend
Til Studvest avviser statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet at studieavgifta er aktuell å starta med. Turbostipendet er derimot noko dei vurderer.

– Ekspertgruppa vår har uttalt at det er fornuftig å balansera insentiva både studentane og for institusjonane for at studentane skal komma seg igjennom på normert tid. Derfor vil me ikkje avvisa at ei slik løysing kan vera aktuell, seier Haugstad til Studvest.

LES OGSÅ: Strøymer til Noreg