Sauda Fisk og Fangst ligg ikkje på latsida.

Linda Merethe Lie, Ryfylke.net
Linda Merethe Lie, Ryfylke.net

Saka var først publisert hjå Ryfylke.net.

Klokka har såvidt passert 07.00 då gutane i Sauda Fisk og Fangst legg frå kai. I lufta er det tre varmegrader og Saudafjorden ligg innbydande denne fredagsmorgonen. Sjølv om det er både tidleg og noko småkaldt rynkar ikkje niandeklassingane i elevbedrifta på nasen.

– Det er verdt det. Ein kjem seg jo kjapt ut av senga, poengterer Ole Henrik Birkeland.

Sauda Fisk og Fangst blei oppretta like før jul i fjor. I samband med valfaget Produksjon av varer og tenester bestemte Ragnvald Selvik, Theodor Selvik, Ole Henrik Birkeland og Ådne Oland seg for å satse på ei bedrift som skulle selge sjølvfanga fisk. Kvar torsdag ettermiddag set dei ut tre trollgarn, før dei sjekkar fangsten morgonen etter.

– Vi må gjere det før skuletid, elles er vi avhengige av å ha ein vaksen med oss i båten. Skulen kan ikkje vere ansvarleg for oss når vi er åleine, forklarer Ragnvald Selvik, og legg til at arbeidet på fjorden stort sett går føre seg innanfor sjølve hamnebassenget.

Dei har prøvd seg lenger ute, men har konkludert med at båten deira har for liten motor til å legge ut på slike lengre turar.

Elevane har to skuletimar med valfaget per veke, men gutane bruker ein god del ekstra tid på elevbedrifta si. Sauda Fisk og Fangst er ei av fire elevbedrifter ved Sauda ungdomsskule. Ideen om å starte eiga fiskebedrift kom etter litt diskusjon. Erfaringa frå fiske er variert i gruppa, men etterkvart har alle gutane tydeleg opparbeida seg god kunnskap om garnfiske. Det er likevel ikkje tvil om at det er Ragnvald Selvik som veit mest om emnet.

– Det er jo ein del reglar ein må tenke på når ein driv med dette. Vi har ikkje lov til å bruke flytegarn og må sette garnet djupare for å unngå å få sjøaure. Når det gjeld torsk kan vi ikkje ta han viss han er under 30 centimeter, viss han lever, altså, informerer han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE