Eksperimentell tekstilkunst til festspela
Astrid Runde Saxegaard er årets festspelutstillar under Dei nynorske festspela i Ørsta.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tekstilkunstnar til festspela
– Å vere festspelutstillar på Dei nynorske festspela stod på ønskelista mi og det er både ekstra kjekt og utfordrande å stille ut i heimtraktene, seier tekstilkunstnar Astrid Runde Saxegaard i ei pressemelding frå Dei nynorske festspela.
Festspela vert arrangert 25.–28. juni ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta og vert første gong kunstnaren frå Volda stiller ut i heimtraktene. Utstillinga er inspirert av årets festspeltema, som er tillit.
Saxegaard, som er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo, har eit spesielt uttrykk som blandar tekstil, med andre material og i somme tilfelle tekst.
Lokale damer stiller sterkt i årets festspelprogram. Årets festspeldiktar Gunnhild Øyehaug er nemleg òg frå Søre Sunnmøre. Ho kjem – i likheit med Ivar Aasen sjølv – frå Ørsta.