Universitets-Noreg vil redda språksamlingane

Alle norske universitet ynskjer å delta i arbeidet med å overta det faglege ansvaret for språksamlingane til UiO.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universiteta vil redda ordboka

Det var før påsken 2014 at leiar for Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo (UiO), Kristian Emil Kristoffersen, gjekk ut med at dei av økonomiske årsaker ikkje lenger kunne ta seg av språksamlingane ved UiO.

Dette omfattar òg arbeidet med Norsk Ordbok, som etter planen skulle verte ferdigstilt i 2014.

Sidan 2002 er det brukt heile 130 millionar kroner på å bli ferdig med det 12 bind store ordbokverket.

LES OGSÅ: UiO vil diskutere språksamlingane og Norsk Ordbok med fleire

Språkfagleg skyts
Nynorsk kultursentrum har engasjert seg sterkt i den usikre framtida for språksamlingane og ordbokprosjektet, og får stadig med seg fleire støttespelarar.

Universitetsavisa Uniforum melder i dag at Universitet i Agder, NTNU i Trondheim og Tromsø er blitt med i samarbeidet om å redde språksamlingane.

Både universiteteta i Stavanger (UiS) og Bergen (UiB) og Høgskulen i Volda er allereie med, i tillegg til Det Norske Samlaget som er utgjevar av Norsk Ordbok.

Universitetet i Bergen har òg synt interesse for å delta i forhandlingar om å overta prosjektet, så sant det kjem med øyremerkte midlar.

Direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad er svært nøgd med den akademiske tyngda aksjonsgruppa no har fått.

– Me har alle dei store språkfaglege miljøa i Noreg i ryggen og har for eiga rekning laga den utgreiinga som trongst. Det er svært viktig at miljøet er samsnakka i denne saka, men det er Nynorsk kultursentrum som svarar for dei råda me har gitt. No ventar me at UiO i løpet av denne månaden kjem med si endelege tilråding til kva som bør skje med språksamlingane, seier Ottar Grepstad til Uniforum.

Stortinget har løyvd 3,7 millionar kroner til å ferdigstille det tolvte bandet av Norsk Ordbok, men UiO vil verken ha pengane eller ansvaret. Ifølgje Grepstad er det berre nokre månadsverk med korrektur og finpuss som står att.

LES OGSÅ: Noregs Mållag krev trygg hamn for språksamlingane

Widvey på saka
Seinare denne månaden møter kulturminister Torhild Widvey styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum for å ta opp saka.

Kulturdepartementet har uttrykt uro knytt til Norsk Ordbok overfor Universitetet i Oslo og ber dei koma med ein ny sluttdato seinast 13. mars.

Ovanfor Uniforum forsikrar leiar for Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved UiO, Kristian Emil Kristoffersen, om at dei jobbar med ein fagleg forsvarleg løysing for språksamlingane, som vil bli oversendt Kulturdepartementet snarleg.

LES OGSÅ: – UiO kan ikkje avvikle språksamlingane

Faktaboks

• UiO er vertskap for prosjektet Norsk Ordbok 2014, og sørgjer for infrastruktur, utstyr og lokale. Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim var dei fyrste til å finansiera Ivar Aasen sitt arbeid med å dokumentera det norske folkemålet, frå 1842 til 1851.

• Når Norsk Ordbok er fullført, vil verket innehalde 300 000 ord frå nynorsk og norske dialektar (målføre).

• Verket blir på tolv band. Det er usikkert når prosjektet vert ferdigstilt.

• Frå og med 1. mars 2015 fører ikkje UiO vidare stillingar for å fullføra prosjektet.

• Dei fire første banda blei laga før dataalderen. Tekstane i desse banda er difor ikkje tilgjengelege i ordbokdatabasen.

Kjelde: Uniforum