Overskot i Nynorsk kultursentrum

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.06.2017 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Etter rekordåret 2013 venta vi at 2014 ville bli stramt og krevjande. I staden blei eigeninntektene høge nok til at vi kunne setje av pengar til vidare vedlikehald, seier direktør Ottar Grepstad i ei pressemelding.

Nesten 30.000 gjester var innom Ivar Aasen-tunet i Ørsta og det nye Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger, som er to av institusjonane Nynorsk Kultursentrum driftar.

For første gong arrangerte Nynorsk kultursentrum Ulvik poesifestival, som i likheit med Dei nynorske festspela i Ørsta gjekk med overskot.

Den samla omsetninga i 2014 var på 32 millionar og Nynorsk Kultursentrum sit no att med ein eigenkapital på nær 2,9 millionar.

Faktaboks

Nynorsk kultursentrum driv:

Ivar Aasen-tunet i Ørsta

Olav H. Hauge-senteret i Ulvik

Dei nynorske festspela

Ulvik poesifestival

• Digitaloppslagsverket Allkunne AS

• Er medeigar av Norsk Barneblad

• Forvaltar Vinjefondet på oppdrag frå Kulturdepartementet

Kjelde: Nynorsk kultursentrum