Fekk dialekthjelp av bestemor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmen «Kvinner i for store herreskjorter» gjekk fredag på kinoar over heile landet. I kinosalen i Ål kulturhus sat Inga Ibsdotter Lilleaas, som spelar ei av hovudrollene. Ho gjekk rett frå Teaterhøgskolen i Nord-Trøndelag til filmen. Snakk om flygande start.

LES OGSÅ: Med spelefilm og bok om brotne draumar

Spelefilm-debut
Ikkje berre heng ho på filmplakatar over heile Norge, men Inga Ibsdotter Lilleaas er avbilda og intervjua i ein mengde aviser. Filmen er òg synt fram på filmfestivalen i Göteborg. 

Korleis er det eigentleg å bli filmstjerne over natta? 

– Eg var på førpremieren i Trondheim 3. mars. Der gjekk filmen i sju salar samstundes. Rundt 1000 menneske såg den. Og dette var bransjefolk. Eg tykte det var stort. Har eigentleg ikkje tenkt på at den i dag har premiere over heile landet. Det blir litt slik andre gongs nervøsitet, smiler ein fersk filmskodespelar før filmen startar fredag.

No er det folket som skal sjå filmen. Den har fått mange gode tilbakemeldingar etter førepremieren iTrondheim. 

– Eg har inntrykk av at folk likar filmen, smiler skodespelaren.


Skodespelar Inga Ibsdotter Lilleaas hadde med seg familien til premieren på filmen «Kvinner i for store herreskjorter». Her med gommo Kari Lilleaas. Foto: Hallingdølen

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

Svalle halling
– Det har vore litt mykje no, men eg blir vel vand med det etter kvart, ler ho. Ho vart fyrst kontakta av filmfolka for to år sidan. Så har det vore møte og prøvefilming. Men ho fekk først beskjed om at ho skulle vere med i filmen berre to månader før innspelinga tok til. 

– Då hadde eg to veker att av skulen, fortel ho. Så det bar rett frå skule til jobb. 

Til dagleg har ikkje Lilleaas så mykje halling i språket sitt. Men i filmen skulle ho svalle halling. Då måtte ho ha litt hjelp av gommo Kari. 

– Dei pratar så lite halling ungdommen i dag, seier gommo Kari Lilleaas og ristar på hovudet der ho sit i kinosalen og skal sjå barnebarnet sitt i spelefilm på storlerretet for fyrste gong. Mor og far er også med. 

– Klarar ho å snakke halling då?

– Ja, me får sjå då, seier læremeisteren og smiler.

LES OGSÅ: Banar veg for heltinner

Heidra på scena
Kveldens filmstjerne blir heidra på scenekanten før filmen tek til. Og får nokre spørsmål om korleis det er – nett no. Og korleis det er å vere ung skodespelar?

– Det er ei spennande tid å leve i for min del. Men eg veit ikkje så mykje om korleis det er å vere ung skodespelar. Eg har ikkje vore det så lenge, smiler Lilleaas. Det siste halve året tykkjer ho har vore svært så fint. Ho har hatt fine jobbar. 

– Men no er eg arbeidsledig, legg ho til før ho får blomar og fine ord av ordføraren i Gol, Hallvor Lilleslett, og Lars Luksengard i Ål kulturhus. Heilt arbeidsledig er ho likevel ikkje. Ho har ei lita rolle i filmen «Birkebeinerne» som startar innspeling neste veke.

LES OGSÅ: Frozen – farleg for menn?


Gommo tykkjer forfattar Kåre Tryvle (Hallvard Holmen) er i eldste laget for forfattarstudenten Sigrid (Inga Ibsdotter Lilleaas). Foto: Motlys / Norsk Filmdistribusjon

Imponerande innsats
Filmen «Kvinner i for store herreskjorter» er vel verdt å sjå. Her er mykje humor, mykje latter og mange settingar som spelar på store delar av kjensleregisteret. Og ein imponerande innsats av ein ung og svært så lovande skodespelar. I sin fyrste film både bannar ho, syner fingeren, kysser, græt, er naken og har filmsex med ein som er 20 år eldre. Mellom anna. 

– Utfordrande. Men eg likar å gjere ting som er heftig, seier ho etter at filmen er synt fram i Ål. 

– Og gommo Kari, korleis klarte Inga seg på lerretet? Klarte ho snakke halling?

– Eg tykte ho var flink. Men ho kunne vel hatt ein litt yngre elskar då, seier gommo Kari og ler. Stas med barnebarn som er gått til filmen.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Saka var først publisert i Hallingdølen.