– Eg synest det er bra å læra koss eg skal forsvara meg mot skumle menn. Ein kan aldri føla seg for trygg.

Irene Bratteng Jenssen, Nordhordland
Irene Bratteng Jenssen, Nordhordland

Det seier Karina Plætten (15), som saman med venninna Sandra Odland (15) deltok på sjølvforsvarskurs i Radøyhallen fredag ettermiddag. Om lag 20 jenter frå 8, 9, og 10. klasse deltok på kurset, kor dei mellom anna lærte ulike forsvarsteknikkar.

Det to timar lange kurset starta med ein teoridel, kor ungdomsskuleelevane skulle trena på det mentale, tenka over korleis ein skal reagera i farlege situasjonar og læra seg korleis ein tar riktige avgjerelsar.

– Eg synest kurset er både gøy og lærarrikt, seier Sandra.

– Vil ikkje verta valdtatt
Karina fortel at ho frå no av kjem til å vera meir obs på det som skjer rundt seg, spesielt når ho går åleine.

– Eg vil ikkje verta valdtatt, difor synest eg det vi lærer på kurset er viktig å ha med seg. Ein tenker ofte at slike ting ikkje skjer med ein sjølv, men det kan jo faktisk skjer kven som helst.

Karina fortel vidare at ho takket vere sjølvforsvarskurset no veit kva ho skal gjera dersom ho vert overfallen eller angripen.

– Eg har lært mange ulike forsvarsteknikkar i dag, og kjem til å føla meg mykje tryggare når eg går åleine frå no av, seier ho.

Teknikkar: Ungdomsskuleelevane fekk innføring i ulike forsvarsteknikkar.

– Vil førebygga
Ida Walderhaug (17), Christine Holm (17) og Vigdis Andvik (17), som går på Knarvik VGS, sår bak kurset. Dei har saman med to medelevar starta elevbedrifta «Street Safe UB».

Elevbedrifta er ein del av eit valfag, og temaet «sjølvforsvar» valde dei fordi dei ønsker å gjera noko med eit stort samfunnsproblem.

– Det er alt for mykje valdtekter i Norge, og dette vil vi gjera noko med. Vi kan ikkje løysa problemet, men vi kan førebygga, seier dei.

Elevbedrift: Ida Walderhaug (17), Christine Holm (17) og Vigdis Andvik (17) haldt kurs i sjølvforsvar. – Det er viktig å vera observant og bruka sansane sine, seier Christine.

– Viktig med oversikt
På teoridelen snakka dei tre tøffe VGS-elevane om kvifor det er lurt å skapa seg ei oversikt over området ein går i.

– Ein må å vera oppmerksam og tenka over moglege fluktvegar, og alltid ha ein gjenstand å forsvara seg med, seier Ida.

Dei fraråda ungdomsskuleelevane til å høyra på musikk eller tasta på mobilen når dei går åleine.

– Det er viktig å vera observant og bruka sansane sine. Viss ein høyrer på musikk, eller er heilt oppslukt i telefonen, kan ein gå glipp av faresignal rundt seg, seier Christine.

Dei tre er overraska over kor godt kurset vart mottatt på Radøy.

– Elevane er utruleg engasjer og følger med på dei vi seier, det er veldig bra, og gjer at også vi vert engasjert, seier Vigdis.

Les saka i Nordhordland!

FØREBYGGA: – Det er alt for mykje valdtekter i Norge, og dette vil vi gjera noko med. Vi kan ikkje løysa problemet, men vi kan førebygga, seier Knarvik VGS-elevane. Her demonstrerar Ida Walderhaug (17) ulike forsvarsteknikkar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE