Siste ferd for bokbåten
Bokbåten «Epos» er ute på sin førebels siste tur, brukarane er skuffa over at kulturtilbod i distrikta blir nedprioritert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Artikkelen var først hos Avisa Nordhordland
– Det er slik det er med alt. Det som er ute i distrikta, det har dei ikkje råd til, det seier Cato Furnes, ein av brukarane av bokbåten «Epos» denne søndagen i Eidsbotn.
Båten er ute på sin siste reis i trivselsfylket.
Bakgrunn: Slutt for bokbåten i Sogn og Fjordane
– Synd for distrikta
– Det er synd. Det er lite tilbod på kultursida ute i distrikta, og det legg dei ned. Det er tydelegvis ikkje eit satsingsområde for dei, seier han.
Saman med sonen Lars Georg Furnes er dei blant dei 23 stykk som er innom og låner bøker og ser på teaterframsyninga om bord, på det siste stoppet båten har i Eidsbotn.
– Med «Epos» har me fått tilgang til masse bøker me ikkje får så lett tilgang til dagleg. Og så er det greitt at ungane får moglegheita til å gå på teater, sidan det er så langt til Bergen, seier Kjellfrid Berge. Ho er på båten med tre ungar.
– Me kjem til å sakna at båten ikkje er her lenger, seier ho.
Skal dei på teater i framtida må dei belaga seg på å køyra til Bergen eller Førde. Det er minst to timar kvar veg.
Og at bokbåten er populær er det liten tvil om. Dei rundt 23 besøkande låner rundt 100 bøker til saman. I fjor auka utlånet med nesten åtte prosent opp til 17.000 bøker, berre i Sogn og Fjordane.
– Det seier noko om at det er eit behov og eit ønske om å ha bokbåten, seier spesialbibliotekar ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Ingrid Dræge til avisa Nordhordland.
LES OGSÅ: Facebook-aksjon for å redda bokbåten
Inn på statsbudsjettet
Ho tykker det er vemodig at det no er slutt for bokbåten i Sogn og Fjordane.
– Eg får masse kommentarar frå folk som og tykker det er synd, men det er ikkje så masse å gjera med det, seier ho.
Årsaka til at båten vert lagt ned er at politikarane må spara pengar. Fylket får over 100 millionar kroner mindre i overføringar frå staten. Då var det å kutta 1,3 millionar i støtte til bokbåten eit bidrag til å spara inn dei pengane. No vert det jobba for å få båten inn på statsbudsjettet.
– Eg håpar det skjer, så i alle fall Hordaland og Møre og Romsdal får behalda båten, seier ho.
– Trur du den kjem att i Sogn og Fjordane nokon gong?
– Det er nok små sjansar for det når den fyrst er lagt ned, innser ho.
LES OGSÅ: Éi nynorskbok blant 21 nominerte: – Nominasjonane speglar utvalet