Gjer undervisinga smartare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Under Dusken, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Verktøya som har blitt utvikla går ut på at studentar kan svara på spørjeskjema, enkle spørsmål, fleirvalsoppgåver eller språkcasar på mobilane sine. Resultatet blir sendt til undervisaren som kan visa resultatet i klassen og bruka det som diskusjonsgrunnlag.

Prosjektleiar John Birger Stav for «HiST Mobile» meiner det er bruk for eit verktøy for å læra av eigne feil i staden for å berre reprodusera kunnskap som er vanleg hos mange institusjonar i dag.

– Prosjektet gir studentar ei ny rolle ved at dei får moglegheit til å påverka kva som skjer i timen. Målet er ikkje å få meir teknologi inn i undervisinga, målet er meir engasjerte studentar, seier han.

LES OGSÅ: – Lat elevane spela!

– Kommunikasjon begge vegar
Systemet skal redusera studentane sin terskel for å stilla spørsmål. Nokre studentar er redde for at spørsmåla dei stiller skal høyrast dumme ut, på denne måten lærer studentar at det også er andre som gjer dei same feila, meiner Stav.

– Det er ikkje meininga at alle skal kunne svaret, men at ein god del klarar å løyse oppgåva. At nokon har andre meiningar og haldningar vil legga grunnlag for diskusjonar og for å retta opp feiltolkingar, seier Stav.

LES OGSÅ: Heiderspris til læringsspelet Kahoot!

Høgskulelektor Knut Bjørkli ved avdeling for teknologi ved HiST brukarsystemet i undervising og i karaktersetjande testar.

– Utan slike system skjer undervisinga tradisjonelt med mest einvegskommunikasjon. Systemet gjer det lettare å få svar og tilbakemelding frå mange studentar, og det har ført til meir diskusjon i timen, seier han.

Bjørkli opplever at studentar er positive til dei nye metodane, og vel som regel å køyra systemet på smarttelefonane sine.

– Det er sjeldan at studentar manglar noko som dei kan køyra systemet på. I karaktergivande settingar pleier eg å ha backup om nokon skulle mangla smarttelefon eller tilsvarande. Det er som regel eit større problem at telefonane har lite straum, seier han.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

– Stiller krav til forelesaren
Eit av verktøya skal kunne kartlegga studentane sin kunnskap og haldningar før undervisinga, slik at forelesar betre skal kunne fokusera på dei fagområda som studentar opplever som mest problematiske. Dette skjer i form av at studentane svarar på ei spørjeundersøking før undervisinga.

– Dette set krav til at forelesa kan vera fleksibel i undervisinga og er villig til å gjera endringar på undervisingsopplegget, seier Stav.

Studentar kan svara på spørjeundersøkingar til forelesar til dømes på bussen og på veg til skulen. Systemet opnar for at undervisaren oftare kan få tilbakemeldingar og samstundes andre tilbakemeldingar enn venta.

– Dei to hovudgruppene undervisarar som ikkje ønskjer å bruka systemet er dei som nærmar seg pensjonsalder og dei som er nyutdanna. Dei opplever det kanskje som krevjande å skulle tilpassa undervisinga undervegs, seier han.

LES OGSÅ: – Får kunnskapen inn med app

Faktaboks

Forskingsprosjektet vart starta i 2011 og blir avslutta i løpet av året

Det vart valt ut til å arrangera workshop under UNESCO sitt «Mobile Learning Week» i Paris i 2013

Prosjektet har resultert i fire verktøy som opnar for kommunikasjon mellom studentar og forelesar:

– Eval: Spørjeundersøkingar som kartlegger problemområde som bør fokuserast på i undervisinga

– SRS: Spørsmål der svar frå studentar kan vera grunnlag for diskusjon i klassen.

– PeLe: Fleirvalsoppgåver som kan brukast i karaktergivande samanheng

– iLike: Språkcase der responsen frå studentar kan vera grunnlag for diskusjon i klassen