Desse kan vinna Rivertonprisen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse kan vinna Rivertonprisen

Under Krimfestivalen i dag vart kortlista til Rivertonprisen offentleggjort av juryen.

Desse fem kan ta med seg den revolveren:

Karin Fossum – Helvetesilden

Asbjørn Jaklin – Rød Sone

Merete Junker – Venuspassasjen

Marit Reisersgård – Jenta utan hjerte

Gunnar Staalesen – Ingen er så trygg i fare

Prøv deg på krim-quizen vår!

– Greitt å tapa for desse
I eit intervju etter offentleggjeringa var Gunnar Staalesen, Marit Reiersgård og Asbjørn Jaklin til stades. Jaklin og Reiersgård fekk same spørsmålet heilt i starten – korleis er det å vera nominert saman med kjempar som Gunnar Staalesen og Karin Fossum?

– Det er greitt å tapa for desse. Å vera nominert er veldig stort, svarar Reiersgård først.

– Det var veldig flott å bli nominert. Eg er også sjokkskada over dei andre nominerte. Eg visste ikkje det før eg kom opp hit, og såg febrilsk rundt meg etter andre med mikrofonar, seier Jaklin til latter frå salen.

Asbjørn Jaklin var nominert til Brageprisen i 2006 for boka «Nordfronten», men vann ikkje den gongen.

– Eg veit at ein må feira i starten av dette løpet, medan ein kan. For på slutten kan det ligga skuffelse, legg Jaklin til.

LES OGSÅ: Jo Nesbø populær i USA

– Treng du fleire?
Til Gunnar Staalesen var spørsmålsstillinga annleis.

– Treng du eigentleg fleire prisar?

– Eg må sei eg vart like overraska som dei andre for at eg var på lista i år. Eg er pragmatisk nok til å anta at eg ikkje får den i år, men det er veldig hyggeleg å bli nominert likevel, svarar Staalesen.

LES OGSÅ: Mæhle-krim til Tyskland

Tre på nynorsk i fjor
Før nominasjonane kom vart Krimåret 2014 oppsummert professor i litteraturvitskap Hans H. Skei.

Han fortalte mellom anna at det kom ut 52 romanar ut i krimsjangeren i fjor. Av desse var 13 skrive av kvinnelege forfattarar, tre var skrive på nynorsk. 30 av 52 bøker hadde seriefigurar.

– Alt dette er som i dei fleste år noko krimlesarar flest kjenner til. Men det er mogleg å sjå ei utvikling i det eg likar å kalla «Harry Hole-effekten», som slår kraftig inn, sa Skei. Effekten han peikar på er meir bruk av kraftige verkemiddel i krimbøkene – meir rom til bestialske og fargerike mord, og eit monster som skurken.

LES OGSÅ: Rune Timberlid med krim frå Sognefjorden

Faktaboks

Desse fem er nominert til Riverton-prisen:

Karin Fossum – Helvetesilden

Asbjørn Jaklin – Rød Sone

Merete Junker – Venuspassasjen

Marit Reisersgård – Jenta utan hjerte

Gunnar Staalesen – Ingen er så trygg i fare