Med  Google kan folk over heile verda kjenna på korleis det er å gå langs den stupbratte kanten av Preikestolen og nyta den majestetiske utsikta.

(NPK):
(NPK):

– Dette er jo fantastisk eksponering for Lysefjorden og Preikestolen, både i Noreg og internasjonalt, seier Harald Skaarn, produktansvarleg i Google Norge i ei pressemelding.

Utsikta kan du sjå her!

LES OGSÅ: Sjå Ørsta frå droneperspektiv

Det var i sommar at Google var på toppen av fjellplatået og laga bilete som no er lagt ut på Google Maps, fortel Stavanger Aftenblad.

– Dette er eit døme på at Preikestolen marknadsfører seg sjølv. Dette er ganske unikt. Vi er i selskap med pyramidane i Egypt, den kinesiske muren og Marchu Pichu, seier Audun Rake i Stiftelsen Preikestolen til avisa.

Han synest det er fantastisk at Google tek Preikestolen med på ei slik eksklusiv liste og er ikkje redd for gratisreklamen det populære fjellplatået no får. (©NPK)

LES OGSÅ: Det skjulte universet i fjordane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE