Klarar du denne utfordringa frå Vibeke?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klarar du denne utfordringa?

Saka var først hos Porten.no

Burpees er ein øvelse som eg har litt blanda kjensler for, og forholdet vårt er litt sånn elsk-hat. Det eg elskar ved øvelsen er at den set store krav til kondisjon, spenst, styrke i bein, kjernemuskulatur, overkropp, koordinasjon og smidigheit, medan det eg hatar ved den er at den er så utruleg slitsam!

Men det er jo gjerne eit teikn på at ein øvelse er god, ikkje sant? Ein skal jo kjenne at ein brukar kroppen litt.

Sjå korleis du gjer bupees her:

LES OGSÅ: Vibeke startar treningsblogg på Porten.no

Utfordringa lyder som følgjer: Ta så mange burpees du klarar på 1 minutt. Det er berre snakk om 60 små sekundar, køyr på med full guffe og ikkje stå att med kjensla av at du hadde meir å gi når du er ferdig. Tell kor mange burpees du klarar, skriv det ned og prøv å slå rekorden din om nokre veker.

Eg tenker meg at utfordringa kan vere fin å avslutte ei anna treningsøkt med, eller du kan eventuelt køyre den som intervalltrening der du til dømes tar 10 drag x 1 minutt burpees med 1-2 minuttar pause mellom kvart drag.

Hugs å varme godt opp – det er lett å pådra seg ein strekk eller to med så mykje hopp og sprett.

LES OGSÅ: Slik blir du kvitt søtsuget

Faktaboks

Vibeke Vigdal Øren (20) kjem opprinneleg frå Årdal, men er busett i Bergen. Ho har fleire år som gruppetreningsinstruktør på Årdal Gym bak seg og er utdanna personleg trenar.

Vibeke går på Høgskolen i Bergen, der ho studerer fysioterapi. Trening og kosthald er ein stor del av kvardagen hennar.

Viss du vil lese meir, kan du vitje bloggen hennar HER.