Trua nordmenn frå fengsel i Litauen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trua nordmenn frå Litauen

Lensmannen på Geilo har vorte kontakta av fleire personar som har fått tekstmeldingar med innhald som «vi skal drepe familien din».

– Dette dreier seg om klart straffbare forhold. Det er registrert truslar i andre politidistrikt på Austlandet, seier lensmann Torstein Seim ifølgje VG.

LES OGSÅ: Våpeninstruksen for politiet blir endra

Ifølgje NRK er det truleg ein mann som sit fengsla i Litauen som står bak truslane. Han skal ha fått tak i ulovleg innførte mobiltelefonar som han brukar til å trakassere personar i Noreg. Vedkommande er dømt i ei stor narkotikasak i Noreg, og dommen er ikkje ferdigsona.

Politiet trur at mannen ber nag til Noreg og at truslane både er retta direkte mot folk han ønskjer å ramme, men også tilfeldig sende med den han ønskjer å ramme som avsendar.

Kripos er kopla inn i saka, og fleire andre politidistrikt jobbar også med ho. Follo politidistrikt leier etterforskinga. (©NPK)

LES OGSÅ: Semje om kraftige politikutt