Jensen kan snart fjerne elbilfordelar
Finansminister Siv Jensen (Frp) kan snart fjerne fordelar som elbileigarar har. Talet på selde bilar nærmar seg 50.000, og fredingstida vil vere over.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan snart fjerne elbilfordelar
I byrjinga av mars skal regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet saman med støttepartia Kristeleg Folkeparti og Venstre forhandle om alle bil- og drivstoffavgifter.
– Vi skal gå gjennom alle avgifter som er knytt til bil i dag, seier Jensen til TV 2.
LES OGSÅ: Halvparten irriterer seg over elbil-fordelar
Då klimaforliket vart inngått på Stortinget i 2012, vart dei folkevalde samde om at avgiftsfordelar ved bruk og kjøp av elbilar skal vidareførast ut stortingsperioden til 2017, så sant ikkje talet på elbilar overstig 50.000 innan den tid. Det ser ut til at salet når denne grensa allereie denne våren. Per 23. februar var det selt 44.585 elbilar. Dersom salet fortset i same tempo, vil det passere 50.000 elbilar 5. mai.
Venstre-leiar Trine Skei Grande lovar å kjempe for at elbilfordelane skal halde fram.
– Vi vil at fordelane skal fortsette vidare og at vi skal bruke fordelar nettopp for å få folk til å ta grøne val, seier ho.
Avgiftsforhandlingane skal vere ferdige i mai og kan leggjast fram saman med revidert statsbudsjett 19. mai. Det betyr at nokre av, eller alle elbilfordelane kan forsvinne neste år, melder TV 2. (©NPK)