Når du ser ein tv-serie, dokumentar eller reklamefilm kan det godt hende at det er ørstingen Fredrik Chr. Langlo som står bak musikken du høyrer.

Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt
Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt

Saka var først hos Møre-Nytt

I 1998 sat Fredrik Chr. Langlo på jobb ved Vital Forsikring på Lysaker og såg ut vindauget. Telefonen ringde og i den andre enden var venen Pål Aam. Han hadde byrja i NRK og skulle lage ein dokumentar om Scandinavian Star-ulykka til Brennpunkt, og ville at Fredrik skulle lage musikken til dokumentaren. Tidlegare hadde Fredrik laga musikk til vignettar og snuttar for TV3 medan han studerte, men tilbodet frå Aam sat han på tanken om å satse på musikken.

– Eg funderte mykje rundt å gjere hobbyen til eit levebrød, og kva som var utfordringane. Bestefaren min satsa for nær 80 år sidan og starta Møre lenestolfabrikk, det som i dag er Fora Form. Eg hadde lengre samtaler med familien, og far min var ærleg og skeptisk. Det var også då dyrt å bu i Oslo, og på den tida leigde vi ei leilegheit. Om vi skulle kjøpe måtte du på den tida ha jobb med fast inntekt, seier Langlo.

Avgjerda vart at hobbyen til Fredrik fram til no skulle verte levebrødet hans. Han fekk helse på Brennpunkt-redaksjonen, og fekk innpass.

– Dette var startskotet for min del, og eg gjekk inn i ei kjempehektisk periode. Mellom kvart Brennpunkt-program var det ei veke, og eg skulle lage musikk til nær alle programma samtidig.

LES OGSÅ: Silja Sol er årets Vestlandssatsing

Vaks opp med musikk
Fredrik fekk jobben gjort, og knytte til seg mange kontaktar i mediebransjen. Gjennom dei siste seksten åra har han leverte musikk til mange tv-produksjonar, filmar og reklamefilmar. Han har rekna seg fram til at det har vorte levert musikk til over 70 dokumentar- og faktaserieprogram til NRK aleine. Frå barndomen låg det litt i korta at Fredrik skulle bruke mange år av livet som musikar.

– Eg vaks opp i ein musikalsk heim, og far min var ein lokalt kjent pianist. Musikken kom tidleg til meg, og då spesielt jazz. Eg trur at eg var den einaste i venneflokken som høyrde på jazz. Instrumentet eg spelte i starten var piano, men så vart det trommer og eg fekk mitt første slagverk i 1982 eller 1983.

Fødd tidleg på 70-talet trefte 80-talsmusikken ungdomstida til Fredrik, og med ei interesse for elektronikk og data lot han seg inspirere.

– Det som fengde meg var at det gjekk an å knyte saman musikk og data. I 1985 fekk vi datamaskin i heimen, og eg kunne kople synten saman med maskina. Då kunne vi legge inn notar og legge til rytme. Eg heldt fram med å spele trommer ved sida av, og musikken vart ein hobby mot alt det andre eg dreiv på med.

Då han vart eldre vart det studert tysk og kunst før vegen gjekk til BI og økonomistudium. Han arbeidde ved sidan av studie hjå Telenor før han starta i forsikringsbransjen, og så vart han musikar på heiltid.

– Eg tykkjer at det er veldig spennande med tal, men den kreative biten i meg låg der heile tida. Mange tenkjer nok at artistar og kunstnarar er eksentriske og litt rotekoppar, men eg er veldig strukturert og ordentleg. Det kreative delen som eg har passar ikkje heilt inn stereotypen.

LES OGSÅ: Er du gamal, unngå musikk på jobben

– Spennande og artig tid
Arbeidet med Brennpunkt førte Fredrik vidare til å arbeide med seriar på TV2, og til TVNorge og TV3 via andre produksjonsselskap. Fredrik hadde studio i sentrum av Oslo, i tillegg til eit heimekontor.

– Det var ei veldig spennande og fantastisk artig tid. Eg møtte fleire «tv-kjendisar», og sjølvsagt mange som arbeide innan mediebransjen og tv-kanalane – det var også ei veldig sosial tid. Økonomien bekymra litt med kone og eitt barn, og nummer to på veg. Eg kjende presset, men det gjekk rundt. Eg sat mykje heime, men for å lage musikk må du vere veldig konsentrert for å vere effektiv. I tillegg kravde dei fleste produksjonar tallause turar til og frå produksjonsstaden, som tidvis gav mykje pendling. Eg var på jobb i studioet og på jobb heime. Dermed mangla eg til slutt ein fristad.

Etter å ha gjort seg kjent i bransjen med musikken sin knytte Fredrik til seg fleire produksjonsselskap og byrja å produsere musikk til reklamefilmar.

– Eg tenkte at reklame var mindre jobb for meir pengar, og dokumentarar var ikkje så godt betalt og NRK hadde sine budsjett. I tillegg har eg vore med på kortfilmproduksjonar.

I 2009 måtte Fredrik og familien ta eit nytt val. Dottera, nummer to i ungeflokken var komen til verda, og familien budde trongt på 74 kvm i Oslo.

– Eg sakna fjell, klår luft, fjord og natur, og følte at eg hadde pendla nok. Uansett kor du skulle hen var det enten t-bane, buss eller tog. Det var ofte håplaust å finne parkering for bil, og eg sakna fridomen der vi kunne gå til jobb eller gå for å besøke venner. Eg måtte overtale kona om å flytte til ein mindre stad, og selje inn Ørsta som ny heimstad.

Ved sida av musikken hadde Fredrik ført rekneskap og fått brukt økonomiutdanning. I 2010 var der ledig jobb i ein lokalbank. Han fekk jobben og flytta tilbake, men han held som no framleis litt på med musikken ved sida av.

– I desse dagar arbeider eg med to oppdrag for NRK, og lagar og musikk til ei messe innan oljebransjen for eit kjent svensk oljeselskap. Dette arbeidet tek ein del av fritida mi, men det interessante og trivelege arbeidet i banken, som eg likar svært godt, kjem heile tida i første rekke.

LES OGSÅ: Korleis me vart kvitt musikkpiraten i Noreg

Vil verte musikkprodusent
Ei føresetnad for å flytte tilbake til Ørsta for Fredrik var at han ville bidra med noko positivt.

– Eg tok med meg prosjektet til Ørsta, og eg ynskjer vere med på å gjere Ørsta til ein enno betre stad å bu. Difor har eg og engasjert meg i politikken, skule, lokallag og kunsten. Saker som gjeld barn og ungdom står hjartet mitt nært, det er viktig å skape gode oppvekstvilkår for borna våre.

No er Fredrik lokalisert i Strandgata 6 saman med Kyrre Grimstad og Bratt og Blått, og han har ein draum om å verte musikkprodusent for lokale band.

– Eg er i eit kreativt miljø, og eg har ein draum om å produsere musikk i den retninga. Det vil vere noko eg gjer for min eigen del, og ikkje relatert til tv eller reklame. Eg har veldig lyst til å arbeide med lokale artistar, og viss eg kan bidra til at musikkmiljøet i Ørsta blomstra slik som det gjorde på 70- og 80-talet hadde det vore flott.

Sjølv om Fredrik har lukkast i si satsing veit han ikkje om han vil anbefale yrket til andre.

– Folk må gjerne prøve, men det er mange om beinet og du må gje mykje av deg sjølv. Det er ein knallhard jobb, og det er ikkje lettente pengar.

LES OGSÅ: Thea Hjelmeland sitt år

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE