– Mange brukar teieplikta som skremsel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Nærnett

Ordførar Arild Iversen vart kontakta av Hans Petter Aas og Thomas Ergo frå Stavanger Aftenblad. Dei to journalistane har gjennomført ei undersøking av regelverk i norske kommuner. Der kjem det fram at Volda er ei av dei kommunene der politikarar vert pålagd ulovleg teieplikt. På kommunestyret torsdag 26 februar er ei av sakene korrigering av kommunestyret sitt reglement.

LES OGSÅ: Så mykje gjeld har kommunen din

Påminning frå Kommunaldepartementet
Kommunaldepartementet sende i 2000 eit rundskriv til kommunene der det vart presisert at det ikkje er lov å pålegge folkevalde politikarar generell teieplikt ved handsaming av saker bak lukka dører.

Før jul i 2011 vart leiinga i kvar kommune gjort oppmerksame på den ulovlege praksisen av Norsk Journalistlags Åpenhetsutvalg, og utvalet minna om rundskrivet frå departementet.

Undersøkinga til Stavanger Aftenblad viser at Volda kommune enno ikkje har endra reglane. I ein e-post oppfordra Aas og Ergo ordføraren til å ta initiativ til endring, slik at regelverket vert i tråd med lova.

Ved rådmannen i Volda kommune, seier rådgjevar Per Ernst Lundberg at påminningane frå Kommunaldepartementet og Norsk Presseforbund sannsynlegvis har blitt oversedd.

–Vi ønsker sjølvsagt å ha eit regelverk som er i samsvar med lova, difor vil vi no forandre ordlyden, seier Lundberg.

LES OGSÅ: – Slutt med å lage barn og engasjér dykk!

106 av 140
Nærnett har snakka med ein av dei to journalistane som gjorde ordføraren merksam på brot på reglane, Hans Petter Aas.

Han fortel at han og kollegaen Thomas Ergo i 2014 utforma ei undersøking som dei sendte ut til 140 kommuner.

– Det er like gale over heile landet, det einaste fylket utan brot på offentlegheitslova, er Oslo, fortel Aas.

Idèen til undersøkinga fekk dei etter å ha jobba med mange saker i Stavanger, der det synte seg at Stavanger kommune la lòk på saker som "kunne vere uheldige for kommuna sitt renomè".

I samband med grunnlovsjubilèet i 2014, og stor merksemd rundt ytringsfriheita, bestemte Aas og Ergo seg for å granske tilhøva rundt om i Norge.

– Vi følte at dersom vi sende ut undersøkinga til alle dei nærare 430 kommunene, ville vi få så mykje data at det ville vere vanskeleg å jobbe med, seier Aas. Dei to journalistane valde difor ut 140 kommuner frå det ganske land, deriblandt Volda. Aas fortel at dei sende undersøkinga til Volda kommune i november i 2014.

Undersøkinga synte at 106 av kommunene hadde reglar som gav politikarane ulovleg teieplikt frå lukka møter. 11 kommuner hadde uklare reglar, og berre 23 av dei 140 kommunene hadde reglar i samsvar med lova.

LES OGSÅ: Vil kutte i politikarløn

– Vanleg praksis
Jan Fridthjof Bernt er professor i juss ved Universitetet i Bergen.

– Det er desverre eit stort gap mellom det som er lovleg og det som er praksis, seier han. Bernt er kjent med at dette er ein praksis som er utbreidd i mange kommuner, og vert ikkje overraska av funna til Aas og Ergo.

– Problemet er at leiarar ofte bruker teieplikta som skremsel, og at folk flest ikkje har sett seg inn i lovverket, fortel Bernt.

LES OGSÅ: Pinlegheitens kommune

Formannskapet tilrår endring
Formannskapet går samrøystes inn for å forrandre ordlyden i "Reglement for styre, råd, nemnder og utval i Volda kommune", punkt 2.

Dagens ordlyd er slik:

«Ordføraren eller varaordføraren leiar møtet. Har dei begge forfall, vert det valt møteleiar etter reglane i kommunelova § 9. Når det er vedteke at ei sak skal vere føre for stengde dører, har dei som sit i kommunestyret og dei kommunale tenestemennene som er til stades, plikt til å teie om drøftingane og om dei vedtak som vert gjorde, så langt ikkje noko anna vert vedteke. Denne plikta varer til dess noko anna vert fastsett eller til dess grunnane for vedtaket om stengde dører har falle bort. Er det andre til stades når ei slik sak er føre, skal møteleiaren krevje teielovnad av dei.»

Problemet med dagens ordlyd er at politikarane vert pålagd teieplikt om forhandlingar, drøftingar og eventuelle vedtak når saker vert handsama bak lukka dører.

Folkevalde ikkje kan påleggast teieplikt om anna enn teiepliktige opplysningar, og dagens reglar strir difor mot kommunelova og offentlegheitslova.

I sakspapira til kommunestyremøtet 26 februar 2015, kan vi lese korleis Formannsskapet tilrår at den nye ordlyden skal vere.

«Ordføraren eller varaordføraren leiar møtet. Har dei begge forfall, vert det valt møteleiar etter reglane i kommunelova § 9.

Kommunestyret held møta sine for opne dører dersom ikkje annafylgjer av lovbestemt teieplikt eller vedtak etter kommunelova § 31.

Vedtak om å handsame ei sak for lukka dører kan skje når omsynet til personvern eller andre tungtvegande private eller offentlege interesser tilseier dette. Debatt om dette går føre seg for lukka dører dersom møteleiar krev det eller kommunestyret vedtek det. Personalsaker skal alltid handsamast for lukka dører. I Volda kommune skal saker så langt det er mogleg vere handsama offentleg og for opne dører.

Folkevalde har teieplikt om opplysningar som er underlagt lovbestemt teieplikt

– Så bra, utbraut Hans Petter Aas då Nærnett las opp den føreslegne nye ordlyden.

LES OGSÅ: Ytringsfridomen er truga i Spania