Gull i nordisk til Anna Dorthea
Tysnesjenta Anna Dorthea Espevik sikra seg gullmedalje i nordisk meisterskap i styrkeløft for ungdom og junior i Finland.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Tysnesbladet.
Norge stilte med eit sterkt lag i Finland. Totalt fekk nordmennen med seg ti gull, ein sølv og to bronse.
Anna Dorthea Espevik tok gull i klasse -72 kg ungdom med 170 kg i knebøy, 130 kg i benkpress og 137,5 kg i markløft. Samanlagt fekk ho 437,5 kg.
LES OGSÅ: – Meir godtatt at jenter trener styrke
Anna Dorthea prøvde seg også på ny verdsrekord på 140,5 kg i benkpresse, men lukkast ikkje med det denne gongen.