Ekspedisjonsboom til Svalbard

Rekordmange ekspedisjonsturistar besøkte Svalbard i fjor.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I alt 12.519 passasjerar og 7.612 mannskap besøkte Svalbard i samband med ekspedisjonar i fjor, melder Maritime.

LES OGSÅ: Oppfylte turdraumen over Svalbard

Billigtur
Auken kjem først og fremst av at nye skip har lagt ekspedisjonane sine til Svalbard, seier Frigg Jørgensen hjå interesseorganisasjonen Association of Arctic Expedition Cruise Operators.

Ho seier vidare at årsaka til at fleire ekspedisjonscruiseskip legg til turen til den arktiske øygruppa, kan vere at Svalbard både er billegare og enklare å besøkje enn dei arktiske konkurrentane.

– For å drive cruisetrafikk til arktisk Canada treng du mellom 50 og 60 løyve frå 30 forskjellige institusjonar, og det er veldig store kostnader involvert, seier ho til nettstaden.

Talet på oversjøiske cruiseturistar, som ein knyter til konvensjonelle cruiseskip, var lågare i 2014 enn toppåret 2012. Til saman 35.154 slike turistar besøkte Svalbard i fjor mot godt over 42.363 i 2012. (©NPK)