Vi nærmar oss kjernen no.

mm

Dette er eit vanskelig og ubehagelig tema, men vi er må våge å stille spørsmålet: Kven har eigentlig ansvaret for at det er hat og terror og massedrap i verden?

Fleire interessante kandidatar har vore framme den siste veka. Norske samfunnsdebattantar, mellom anna. Kristelig Folkeparti er det siste forslaget. Og det er eit bra forslag. Men vi må ikkje gi oss der. Det er mange andre som også kan ha skulda for framandkriging og terror. For eksempel:

Petter Northug.
Petter Northug har gong etter gong, i ei årrekke, valt å gå fort på ski, fortare enn andre. Dette har utvilsamt gjort at folk som bur i Norge og som ikkje går fort på ski, kjenner seg mindre velkomne her. Utanforskapen deira blir styrkt. Dei søker andre fellesskap, fellesskap som dyrkar andre verdiar enn dei Northug framelskar gjennom å gå fort på ski, og då er vegen kort til radikalisering, hat, framandkriging og terror.

Vidare skal vi heller ikkje gløyme at mange av skirenna Northug går, blir direktesendte på NRK (som også har eit ansvar her, meir om det seinare), og at ganske mange i Norge ser på desse direktesendingane. Dette tek tid, tid som folk kunne ha brukt til å sette seg inn i dei komplekse djupareliggande årsakene til at verden er i ein tilstand av krig mellom sivilisasjonar.

Petter Northug Jr. har dessutan køyrt i fylla, og vitsar gjerne om flørting og dating. Likevel blir han hylla av eit nesten samla Norge, noko som styrker inntrykket mange marginaliserte unge har av at dei vestlige samfunna er overflatiske, gjennomseksualiserte og alkoholfikserte – og det i ei tid då vi eigentlig burde nærme oss kvarandre, ikkje markere avstand – og då er vegen kort til radikalisering, hat, framandkriging og terror.

Marit Bjørgen.
Ho har ikkje køyrt i fylla. Elles gjeld mykje av det same for henne.

Miljøpartiet De Grønne.
Har dei tatt avstand frå ekstremisme daglig sidan dei kom inn på Stortinget? Nettopp.

Senterpartiets lokallag i Hol kommune i Buskerud.
Mykje av det same gjeld for Senterpartiets lokallag i Hol kommune i Buskerud som for Miljøpartiet De Grønne sentralt.

NRK.
NRK har i ei årrekke sendt tv-program. Mange av dei (for eksempel Puls, Antikk-duellen, Utrolige kaker) nemner sjeldan eller aldri dei utfordringane vi har med integrering i samfunnet. Det siste grelle eksemplet er Melodi Grand Prix. Alle songane i årets finale blei offentliggjorte nylig. Ingen av dei tek tak i desse alvorlige utfordringane. Ein løyser ingenting med å stikke hovudet i sanden. Då er vegen kort til radikalisering, hat, framandkriging og terror.

TV2. TV3. TVNorge.
Du forstår sikkert.

Folk som slepper andre framfor seg inn på bussen i morgonrushet.
Slike folk sender signal til andre om at det er greitt å snike i køa, at det ikkje er så nøye kven som kjem først om bord i bussen. Og dette i ei tid då det er viktigare enn nokon gong å slutte kompromisslaust opp om verdiane vi trur på. Ikkje vere slepphendte, ikkje vere omtrentlige, men seie klart og tydelig frå om kva som betyr noko i dette samfunnet, om kva som er rett og kva som er gale. Viss vi sender ut signal om at det ikkje er så farlig med reglane for køståing, då seier vi også til folk at i dette samfunnet kan du gjere som du vil, for her trur vi ikkje på noko som helst, og då er vegen kort til radikalisering, hat, framandkriging og terror.

Folk som smiler og seier «Ikkje tenk på det, det er heilt i orden» til folk som deiser borti andre med ryggsekkar eller vesker på bussen i morgonrushet.
Det same gjeld naturligvis i endå større grad her.

Sånn. No er vi ved kjernen. Viss det ikkje eingong er nokon av desse som har hovudansvaret for at unge folk krigar og massakrerer, då veit eg verklig ikkje heilt kven det skulle vere som har dette ansvaret. Då gir eg opp.

Først publisert i Aftenposten 21. februar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE