Anna Linnea (7) klaga til fylkesmannen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

7-åring klaga til Fylkesmannen

Artikkelen var først i Møre-Nytt

Anna Linnea Aske Sivertsen (sju og eit halvt år) søkte om tre dagars permisjon frå Øyra skule i Volda for å reise til Bergen og besøke mora Jorunn Aske. Ho jobbar som høgskulelektor ved Høgskolen i Bergen.

LES OGSÅ: Forsvarte regjeringa med nødrim

Skulen gav avslag på søknaden, men Anna Linnea visste råd:

– Kva gjer 2. klassingen når Øyra skule gir avslag på søknad om tre dagar permisjon? Då skriv ho til fylkesmannen. Det får då vere måte på, skriv Jorunn Aske på Facebook-sida si.

I det handskrivne brevet til Fylkesmannen i Møre og Romsdal argumenterer Anna Linnea med at ho skulle jobbe mykje med lesing, skriving og matematikk under opphaldet i Bergen, og vere med mora på jobb på høgskulen «i eit fagdidaktisk miljø».

LES OGSÅ: Frozen – farleg for menn?

Ikkje fått svar
Anna Linnea har i skrivande stund ikkje fått svar frå fylkesmannen, men faksimilen av brevet er likt og kommentert av ei rekkje personar på Facebook. Her er eit par døme:

«Dette må, med god margin, vere det nydelegaste klagebrevet eg har lest.»

«Ifølge den nye læreplanen i norsk, skal elevar kunne skrive argumenterande tekstar etter andre klasse. Her er vi allerede på plass, ser eg.»

Brevet og bildet er publisert etter løyve frå Jorunn Aske. Her er heile brevet:

«Viser til avslag på permisjonssøknad (3 dagar) og vil med dette klage på vedtaket.

Bakgrunnen for søknaden var ønske om å vere tre dagar med mora mi i Bergen. Vi skulle jobbe mykje med lesing og skriving og matematikk og vere med mamma på jobb på Høgskulen i eit fagdidaktisk miljø.

Eg ber difor om ei ny vurdering av søknaden og meiner det er fagleg forsvarleg å gi meg permisjon.

Eg lærer minst like mykje i Bergen som på Øyra skule desse 3 dagane og det fråveret eg har hatt dette skuleåret har vore enten på grunn av sjukdom eller besøk hos mor og eg kan ikkje sjå at eg har vore så mykje vekk at det har gått ut over mine faglege ferdigheiter.

Helsing Anna Linnea Aske Sivertsen, 7 og eit halvt år, andre klasse.»

LES OGSÅ: – Plis, vi må til Dombås