Regissør Frode Fimland seier til NRK Sogn og Fjordane at han vart mållaus då den gjævaste prisen på dokumentarfilmfestivalen i Missoula i delstaten Montana, gjekk til «Søsken til evig tid» – kalla «Siblings Are Forever» der borte.
LES OGSÅ: Søskenfilm er for populær
Frå pol til pol
Filmen frå 2013 har vunne prisar her heime og også blitt nominert til Gullruten og Folkets Amanda. Før jul vann han publikumspris i Polen. Men pris var ikkje i Fimlands tankar då han reiste over til den største dokumentarfilmfestivalen i Midtvesten. Filmen om dei to søskena og deira enkle, naturnære liv på garden, erobra sjølve hovudprisen for beste kinodokumentar.
– Eg var berre glad for at eg fekk vise filmen og at han trefte publikum, seier han til NRK. På Big Sky-festivalen blir det presentert rundt 125 dokumentarfilmar, og det er meir enn 75 tilreisande filmskaparar.
– Dette er ein kjempestor festival, og berre det å få vise ei historie frå Naustdal i USA var stort for meg, seier Fimland, som seier det var det visuelle og historia som trefte juryen.
No håpar den norske dokumentaristen at det å få pris i USA vil bli lagt merke til blant andre festivalar og ikkje minst filmdistributørar. (©NPK)