Peer i løgnarsk storform

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg fekk pressa ei smaksprøve på nytolkinga til Riksteatret, og det var ein svært fantasifull Peer Gynt – spelt av Gunnar Eriksson – som tok oss med på eventyr. Her er Peer Gynt blitt til ein liten gut med veldig livleg fantasi, og stykket tematiserer korleis det er å vere annleis.

– Eg vaks opp i ein liten by og var kjempehøg i tillegg til at eg dansa. Eg skilte meg ut. Derfor kan eg identifisere meg med Peer i stykket, seier den svenske regissøren Jakob Höglund. Han fortel at han opplever Peer Gynt som den fødde familieunderhaldaren.

– Han er ein miks av Pippi, Emil, Pinocchio og Mowgli, han har eventyrlege dimensjonar, slår han fast.

Höglund har plassert nasjonalhelten til Ibsen i eit skulemiljø til rytmane av elektronika og rock. Men djupt inne i det moderne lydbildet kan du høyre både «I Dovregubbens hall» og «Morgenstemning».

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane teater set opp terrorstykke 

– Heftig utfordring
I denne ferske Peer Gynt-nytolkinga møter vi ein gut som veks opp utan å vite kven pappaen hans er. Han går i bursdag, men har ikkje med seg pakke. Dette skaper utfordringar for helten vår, som tyr til song og løgn for redde situasjonen.

– Problemet er at han kjenner seg utanfor og at det er ein stor løgn i familien. Ein treng slett ikkje å vere ein perfekt familie, men eg trur på å vere ærleg. Slik skaper ein tryggleik, seier regissøren – som absolutt ikkje har laga tristesse. Det er ein ressurssterk og talentfull karakter som trer fram. Dans og musikk er berebjelkane i stykket.

– Eg lagar alltid teater som spring ut av dans og musikk. Alle skodespelarane spelar – og nokre av dei måtte lære seg heilt nye instrument, fortel regissøren.

Teatersjef Ellen Horn er begeistra.

– Det er aldri for tidleg å bli kjent med dette ikonet. Peer Gynt er det norskaste av det norske, og å lage teater av han, på ein ny måte, er veldig moro, slår ho fast.

– Det var ei heftig utfordring, supplerer Höglund som i 2012 gjorde ei liknande nytolking av August Strindbergs «Et drömspel» for eit svensk teater.

LES OGSÅ: «Fugletribunalet» blir teater

På tur med Peer
Spesielt med denne familieframsyninga er at ho også utgjer eit samarbeid mellom Riksteatret og Den Norske Turistforeningen. Det blir natursti og bålpanner før framsyningane rundt om i landet, og på pressevisinga deltok barn frå Nordpolen skole.

Generalsekretær Nils Øveraas i DNT synest ikkje koplinga er underleg.

– Vi kjem til å nå ut til mange på denne måten, og å bruke Peer Gynt er heilt suverent. Reisa hans inneber mange møte med norsk natur, så kombinasjonen av kultur og natur kjennast heilt naturleg her.

Han legg til:

– Dessutan var Henrik Ibsen den som først brukte ordet friluftsliv skriftleg. Det skjedde i diktet «På Viddene» som kom i 1859. For publikum vert dette ei dobbel oppleving, når både kultur og natur får stå på programmet.

Faktaboks

«Peer, du lyver!»

* Stykket er skrive av Toril Solvang og er produsert av Riksteatret.

* «Peer, du lyver» byr på mykje song og dans, og er skildra som ei familieframsyninga basert på Henrik Ibsens «Peer Gynt».

* Framsyninga er regissert av Jakob Höglund og passar for barn frå seks år.

* Kostyma er ved den danske designaren Henrik Vibskov.

* Scenografien ved Sven Haraldsson og musikken av Stefan Johansson.

* På scena: Gunnar Eiriksson, Anna Strand Andersen, Ellen Andreassen, Philip Sten Bøckmann, Helga Guren, Andreas Humlekjær, Julie Støp Husby og Espen Mauno.

* Urpremiere på Riksteatrets scene i Nydalen i Oslo 11. februar

* Turné-premiere på Lillehammer 19. februar.

* Stykket reiser til over 40 stader over heile landet.

* For fullstendig turnéliste finn du her