Med hjarte for å kommentere

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Våren 2008 kommenterte Kent Fimreite frå Sogndal sin fyste kamp. Då var han 17, i dag er han 24. Likevel hugsar han godt den aller fyste kampen han kommenterte.

– Den aller fyste kampen eg kommenterte var ein fotballkamp mellom Sogndal og FK Haugesund på Fosshaugane i Sogndal. Eg kjem nok aldri til å gløyme den kampen, Sogndal vann 2-1.

I dag er Fimreite lærling på høgskulen sin IT-avdeling i Sogndal og planlegger å ta fagprøven til hausten. Men interessa for å kommentere kampar er like sterk som den alltid har vore.

Dekkjar Indre Sogn

Med fotball og handball som favorittsportar, nyttar Fimreite store delar av fritida si til å kommentere denne typen kampar i Indre Sogn. Han dekkjar dei beste laga, og held for tida eit godt auge med Jotun, Syril og Sogndal.

Fimreite fortel at han har fått med seg samtlege av Jotun sine heimekampar og bortekampar sidan januar 2011. Han har med andre ord fått med seg mange kampar, og seier at han kosar seg like mykje kvar gong han set seg bak mikrofonen.

– Eg kommenterer fordi eg tykkjer det er utruleg moro. Eg veit ikkje kva anna eg kan seie, eg tykkjer rett og slett det er vanvitig gøy.

Galskap
– Ja, eg har høyrt at det er galskap det eg driv med, og stundom kan eg vere litt einig. Når eg tenkjer tilbake på flyturen til Tromsø for å kommentere, kan eg skjøne at nokon vil kalle det galskap,  seier han medan han ler.

For Fimreite gjorde nettopp det. I april 2013 tok han flyet til Tromsø, berre for å kommentere Jotun sin kvalik-kamp. Ein kamp han nemner som ein av dei mest spanande kampane han har kommentert.

Ein annan kamp som har utmerka seg i Fimreite sin kommentator karriere var kampen mellom Jotun og Gjøvik hausten 2010. Fimreite fortel at det under denne kampen var stinn brakke i Årdalshallen, og at stemninga var heilt fantastisk. Dette var medan Jotun handball var på topp, og Jotun vann kampen mot Gjøvik med eit par mål.

Artikkelen held fram under biletet

KJEND POSITUR: Dette er sånn Fimreite tilbringer store delar av fritida si. Foto: Sunniva K. Øvsetun

Berre ein hobby
Fimreite nyttar om lag 500 timar per år for å kommentere kampar frivillig. Han legg ned veldig mykje tid og pengar for å drive med det han elskar. Likevel held han fast ved at kommenteringa berre er ein hobby.

– Den store draumen er nok ikkje å verte sportskommentator i TV2, sjølv om det kan verke sånn. For meg er kommenteringa berre ein hobby. Eg storkosar meg medan eg kommenterer, og tykkjer det er stas når mange høyrer på.

Gjennom Youtube-kanalen sin «Håndball i Sogn» når Fimreite ut til mange lyttarar, og han fortel at det på kampane til Jotun kan vere mellom 30-800 lyttarar.

Kva er ein «perfekt» kamp i dine auge?
– Eg vil seie at ein perfekt kamp for ein kommentator er ein kamp der stilliga ikkje er 30-0 til pause. Me vil ha jamne kampar med jamne lag, der laga følgjer kvarandre tett og spenninga er til å ta og føle på.

Dersom du ynskjer å høyre Fimreite kommentere, kan du alltid høyre han direkte her på porten.no når Jotun spelar kampar. Elles kan du vitje heimesida hans på Facebook ved å søkje opp «Håndball i Sogn».

Les saka på Porten.no!