Ein dag kan det jo hende du sitt der. Ingen bankar på. Ingen ringer.

mm

Du kjenner deg som ho dama i Benny Borgs klassikar «Den store dagen» (Til mine yngre lesarar: Spør ein vaksen). Lysa brenn ned. Du er åleine. Det er stille. Du snakkar, men ingen er interesserte i det du har å seie.

Det kan verke fjernt, men eg veit at denne dagen kjem. Det veit vi alle, om vi tenker oss om. Men det finst håp. Det finst ein veg ut. Om du berre gjer som meg. Eg har førebudd meg, og skrive eit innlegg som eg skal publisere den dagen eg kjenner at det er for stille og ingen bryr seg.

Her er innlegget:

NORDMENN ER LATE OG SNAKKAR RART, DESSUTAN ER VI IKKJE SÅ GODE PÅ SKI SOM VI TRUR

Dette landet kjem til å gå til grunne i kosebukser. Og når vi roper om hjelp, kjem ingen til å forstå at det er det vi gjer, fordi vi insisterer på å rope om hjelp på ei eller anna dialekt som tida har gått frå og som berre tolv menneske i verden skjønnar.

Og vi fortener å gå til grunne. Kvifor?

La oss begynne med det opplagte. Vi er late. Vi kjem på jobb ved lunsjtider på måndag. Vi tek helg ved lunsjtider på torsdag. Vi går rundt og smiler i staden for å sjå alvorlige og hardtarbeidande ut.

Slik vi oppfører oss, skulle ein nesten tru det viktigaste i eit samfunn var å ha det bra og vere lykkelig.

For det andre: Vi ser ikkje ut. Mange går utan slips på jobb. Og så snart arbeidstida er over, er det på med stygge kosebukser. Det er null stil i dette landet.

For det tredje: Vi snakkar stygt. Det må vere lov å vere frå for eksempel Austfold om ein ikkje har fått plass ein annan stad, men det får vere grenser. Ein kan ikkje snakke Austfold-dialekt i møte, for eksempel. I alle fall ikkje om det er andre folk til stades på dette møtet. Det same er tilfelle med sognamål, men det skulle vere unødvendig å seie. Og kva er poenget med å snakke slik dei snakkar i Mosjøen?

Om du reiser til utlandet, vil du sjå at det er nesten ingen der som snakkar slik dei snakkar i Mosjøen.

Og la oss samanlikne oss med utlandet. Der er alt heilt annleis. Og her veit eg kva eg snakkar om. Eg har vore i utlandet fleire gonger. Eg snakkar også med folk i andre land på telefon no og då. Og det er alltid utan unntak dritpinlig.

I utlandet jobbar folk mykje meir. I utlandet er det nesten ingen som kjem frå Rakkestad eller Mosjøen. Og viss dei kjem frå noko som liknar på Rakkestad eller Mosjøen, for eksempel South Glopen eller Waffelschlafen am See, så prøver dei å skjule det.

I utlandet jobbar dei tolv-tretten timar per dag, dei har ikkje ferie, dei har dress på seg og snakkar normert sjølv til medlemmer av den nærmaste familien. Og dei tiltalar gjerne familiemedlemmer med etternamn. Mykje fordi dei ikkje husker fornamna, fordi dei faktisk har anna å tenke på.

Så er spørsmålet: Blir folk i utlandet lykkeligare av det? Kanskje ikkje. Går det spesielt bra i desse landa? På ingen måte.

Men det er ikkje poenget.

Kva er då poenget? Poenget er at vi er late, snakkar dumt og har teite bukser på oss når vi har fri, og fri har vi stort sett heile tida.

Og når vi har fri, altså stort sett heile tida, då går vi gjerne rundt og skryt av kor gode vi er i idrett. Vi er ikkje gode i idrett. Vi er brukbare i idrettar som ingen andre bryr seg om. Det er omtrent like mange i verden som driv med skiskyting som det er folk i Mosjøen. Dessutan er sannsynligvis alle dei norske utøvarane dopa. Og trønderar. Trønderar, altså. Don’t get me started.

Det er berre ein ting som irriterer meg meir enn late fornøgde trønderar og austfoldingar i kosebukser, og det er muslimar.

Are Kalvø, produktiv og flink.

Dette skal eg legge ut. Så er det berre å tenne lysa, lene seg tilbake og vente på at det skal begynne å ringe. Det er det som er det fine. Ein treng ikkje vere åleine så lenge.


Først publisert i Aftenposten 14. februar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE