Pinefull prat om sado-sex

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Jærbladet

Den der 50 Shades of Grey, det må vera noko for deg å laga noko på, eller kva, Leif Tore? Ikkje fem på gata, men snarare sex på gata, he he.

– Vel, altså, for å vera heilt ærleg så …

– Knallbra! Då set eg av dei to første nyhendesidene.

LES OGSÅ: Vi må snakke om Christian

Han er ein kjekk og positiv kar, han der redaksjonssjefen, og han har lett for å få det som han vil. Og det han vil nå, er altså å høyra folkets røyst om sadomasochisme. På Jæren. Eit område som rett nok er kjent for ein del sjølvpisking.

Men eg meiner, tau og kjettingar og slikt, gjer det ikkje meir nytte i fjoset enn på soverommet?

Og nå har eg sove på det, og tenkt. Tenkt at dette går pigade ikkje an. Nå skal eg seia klårt frå til han at nei, dette, dette altså, dette går over alle støvleskaft. Hadde aldri skjedd i Fatnes-en si tid. Eg gjer det berre ikkje.

Og så har han jammen teke seg fri, det svinet.

LES OGSÅ: Blir Fifty Shades meir sexy med lego?

Tvungen ut på gata
Redaktøren, som er stand in, vel, ho viser ingen nåde, trekkjer på skuldrene og peiker på dei tomme, blanke sidene. 4 og 5. Underforstått: Me treng noko her. Eitt eller anna. Så kom deg ut.

Smaken av tvang og underkasting er dermed allereie røynt, og når ein så skal sjå framande folk inn i auga og spørja om kva dei tykkjer om bruk av politiutstyr og landbruksreiskaper i samlivsrelaterte situasjonar … vel, eg trur ikkje den kjensla står tilbake for anna pine ein kan underleggja seg.

 Kremt. Orsak, 50 Shades of Grey har premiere fredag, og …

 Akkurat det der vil eg ikkje seia noko som helst om! Finn nokon andre.

Mannen hastar av garde. Me gjer eit nytt forsøk, kan ikkje anna. Ung kvinne i høge, svarte skinnstøvlettar. Kort skjørt. Røykjer gjer ho òg. Verkar å vera ei rimeleg frilynt sjel.

 50 Shades of Grey …

 Nei, slikt vil eg ikkje snakka om. Beklager. Ha ein god dag!

LES OGSÅ: Griseprat med ein språkprofessor

Kan vera spennande
Me møter to handverkarar, som med sin habitt sikkert kunne hatt ei rolle i mang ein tvilsam og vovet produksjon. Den første strenar likevel berre vidare i lange ?byks, og nektar å svara på spørsmålet.

Men me klarer å hanka inn den andre, 23 år gamle Per Harald Tjensvoll Kverme.

– Kva synest du om at folk bruker håndjern og pisk når dei har sex?

– He he, det er jo spennande det …

 Ehm, jaså …

 Ja, når ein treff den rette personen, så kan slikt vera kjekt. Kanskje ikkje handjern, då, det er jo litt røft. Men det går med tau òg …

 Trur me stoppar der. Du skal kanskje sjå denne filmen òg då?

 Jadå. Saman med henne som likar det same. He he.

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst

Nei takk!

Etter ein «Nei veit du kva!» treff me andre som er villege til å seia at dei er mindre begeistra.

 Kva synest du om at folk bruker handjern og pisk når dei har sex?

– Det tykkjer eg er heilt forferdeleg, eigentleg. Synest ikkje noko om det, seier Hilde Lende.

– Det får bli deira problem, meiner Kurt Hamre.

 Eg er ingen spesiell fan av slikt, for å seia det på den måten. Og eg synest den filmen har fått altfor mykje merksemd. Det er jo berre ein film. Men det er mogleg eg kjem til å sjå han etterkvart, men ikkje på kino, vedgår Andreas Odland.

LES OGSÅ: Klitoris er toppen av eit isfjell

Faktaboks

50 Shades of Grey

Roman: Av Erika Mitchell, skrive under pseudonymet E.L. James, seld i meir enn 100 millionar eksemplar.

Handling: Litteraturstudent Anastasia Steele møter milliardæren Christian Grey og utviklar eit sadomasochistisk forhold.

Kontrovers: Skulda for å fremja kvinnehat og ufarleggjera vald i parrelasjonar.

Filmatisering: Sam Taylor-Johnson er regissør, Dakota Johnson og Jamie Dornan i hovudrollene.
Premiere: 13.02.2015