«Nesten sikkert utanomjordisk»

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er dette?

Onsdag kveld vart det sett eit stort lysglimt over himmelen i New Zealand. Meteor-ekspert Joel Schiff seier til New Zealand Herald at det «nesten sikkert er utanomjordisk», men ikkje ein meteor.

Sjå videoen her:

LES OGSÅ: Trur universet vil gå ut på dato

Ikkje ein meteor
Schiff forklarar at meteorar ikkje har denne storleiken – dei er små bitar og lysglimt du ser på himmelen kvar kveld, og er bitar som kjem frå kometar.

Han var ikkje heilt sikker på kva dette var, utifrå det han hadde sett på nett – men han konkluderte med å kalla det ein «fire ball».

Det kan også vera vrakrestar frå satelittar og liknande som brenner opp i atmosfæra, legg han til.

LES OGSÅ: Her er eit smilefjes på himmelen!

Metrolog Philip Duncan sa til New Zealand Herald at dette var eit eksepsjonelt sterkt lys over heile landet.

– Mange sa også at dei høyrde lydmuren bli broten, og at både dei sjølv og dyra vart skremde, seier Duncan.

TEST DEG SJØLV: Kva veit du om verdsrommet?