– Eg har alltid vore interessert i internasjonale spørsmål, og eg synest det å blogga for FN-sambandet er ein fin måte å engasjera seg på, seier Julie Sætre (16).

Irene Bratteng Jenssen, Nordhordland
Irene Bratteng Jenssen, Nordhordland

Julie Sætre (16), som lenge har vore engasjert i AUF, tente på alle pluggar då ho såg annonsen om å søka som bloggar i FN-sambandet.

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar

– Ungdom må ta del
– Eg trudde ikkje eg kom med, men då eg fekk beskjed om at eg hadde vorte vald ut, vart eg så glad at eg ikkje klarte å snakka. Med eit landsdekkande panel og ein blogg som dette når ein ut til mange menneske, og det er utruleg kjekt, seier Julie, som meiner det er viktig at ungdom ser lengre enn Norge.

– Folk på min alder må ta del i internasjonale spørsmål. Eg synest ikkje at berre dei vaksne skal bestemme kva ungdom meiner.

27. januar hadde FN-sambandets nye ungdomspanel, som består av ti ungdommar frå 15 til 19 år, introduksjonsdag i Oslo. Der vart dei kjend med FN si rolle i samfunnet, og la planar for korleis dei skal forma bloggen.

– Det var kjekt å møta så mange på min alder, som er like engasjerte og som har sterke meiner, akkurat som eg. Ikkje alle i min omgangskrets er like opptatt av dei tema eg liker å diskutera, difor følte eg eit fellesskap blant oss ti som skal driva denne bloggen i lag gjennom eit heilt år.

LES OGSÅ:FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

Skal vera redaktør
Julie skal i 2015 vera redaktør for ung.fn.no, noko ho synest er ei stor og spennande utfordring.

– Vi kan skriva om kva vi vil, men bør helst blanda inn eit internasjonalt tema. Sjølv har eg nettopp skrive om arbeidsmiljølova, og skreiv då og om korleis det går i ulike europeiske land etter finanskrisa.

Som redaktør har Julie ansvar for å halda flyt på sida, og å laga ein publiseringsplan.

– I fjor hadde bloggen totalt 15.000 treff. Vi, som er i det nye ungdomspanelet, hadde 2000 treff berre den første veka, så vi ligg godt an til å slå dei som hadde ansvar for bloggen i fjor. Det håper og trur eg vi gjer. Det er i alle fall målet, seier Julie.

Då ungdommane møttest i Oslo, fekk dei også ei innføring i korleis dei skulle promotera sida.

– Vi fekk tips om å linka til bloggen på ulike sosiale medium, noko vi har gjort. Eg trur det er årsaka til at vi alt har hatt så mange klikk. Slik skal det fortsetta ut året, seier ho målbevisst.

Les saka i Nordhordland!


Ti ungdommar frå heile Norge skal i eit heilt år blogga for FN-sambandet.

Oppdatert: onsdag 6. desember 2017 17.34

LES OGSÅ

ANNONSE