– Donorbarn skal ha rett til å vite

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Donorbarn skal ha rett til å vite

Bioteknologirådet ber òg styresmaktene om å vurdere å opprette ein sentral sædbank som kan organisere tilbodet av donorsæd frå norske og utanlandske donorar til både offentlege og private klinikkar.

LES OGSÅ: Eggjar opp til debatt

Pliktopplysning
Berre eitt av dei femten medlemmene i rådet meiner sæddonorar bør ha rett til å vere anonyme. Resten vil at barna framleis skal ha rett til å få vite kven donoren er, når dei blir 18 år gamle.

Eit fleirtal på tretten går inn for å endre bioteknologilova slik at foreldrepar som nyttar sæddonor, får plikt til å fortelje barnet at det har komme til verda ved hjelp av sæd frå ein donor, men utan at det skal vere straffbart å la det vere.

Velje egg
Det er òg fleirtal for å gi para som får behandling, eit ord med i laget når det gjeld val av sæddonor. I dag er det legen åleine som skal «velge en egnet sædgiver», mens rådet altså vil at legen skal samrå seg med paret.

Auken i talet på donorfødde barn er elles så stor at Bioteknologirådet rår styresmaktene til å vurdere å gjere noko for å auke rekrutteringa av donorar.

Rådet har drøfta spørsmåla i samband med den kommande evalueringa av bioteknologilova. (©NPK)