Hedmark satsar på toppidrett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den eine skulen ligg i Nord-Østerdal, på Tynset, og har fått midlar til ei spissa satsing på langrenn og skiskyting.

Fylkesråd Aasa Gjestvang (Sp) i Hedmark seier toppidrettssatsinga kom frå idretten sjølv.

Ho fortel at dei mellom anna peikte på at representasjonen til OL frå Hedmark var liten, i høve til folketalet. Samstundes det vore ein diskusjon omkring opprettinga av eit privat toppidrettsgymnas på Hamar, som kjem frå hausten.

LES OGSÅ: – Eit slag i trynet

– Skummel elevtalsnedgang
– Vi har vel sett det slik at vi vil syne at vi kan ha eit like godt tilbod i det offentlege, som det eit privat tilbod kan gje. Vi ville freiste å bli like gode som Sør- og Nord-Trøndelag, som har hatt innom mesteparten av OL-medaljørane, på sine toppidrettssatsingar i Meråker og Heimdal, seier ho.

– Nord-Gudbrandsdal har stor elevtalsnedgang i åra som kjem, og det ser vi at Nord-Østerdal også har. Nord-Gudbrandsdal reduserer i takt med tala, de byggjer ut. Tenkjer de på ein anna måte, Gjestvang?

– Eg ser jo at det har vore ein diskusjon omkring skulestader og nedlegging i Oppland, utan at eg ønskjer å meine noko om det. Vi har tenkt at vi må føre ein motkonjukturpolitikk, og har satsa på dei vidaregåande skulane både i Alvdal og på Tynset. Det er skummelt å sjå nedgangen, spesielt i aldersgruppa 16-18 år, difor gjer vi dette for å halde på dei elevane vi har, gje det beste til dei som er her, seier ho.

Gjestvang meiner det er gode naturlege føresetnader for ski- og skiskyting i Nord-Østerdal, og at miljøet rundt også bidreg til det.

Ho seier Hedmark gjerne tek imot talentfulle ungdommar frå Nord-Gudbrandsdalen.

– Oppland har allereie ei utvekslingsavtale med Hedmark når det gjeld landbruksfag, som vi har bygd ut i Alvdal. Det vil jo også vera god utnytting av offentlege pengar å utveksle elevar, meiner ho.

LES OGSÅ: Jenter som flyg

Balansert mellom skule og idrett
Kasper Tøstiengen er avdelingssjef for vidaregåande opplæring i Hedmark fylkeskommune.

– I dei tilfella der ein vurderer elevar frå andre fylke, er det under føresetnad av at heimfylket betaler for skulepassen, seier han.

På ein skule med idrettsfag er det moglegheit til å ta inn inntil halvparten av elevane på grunnlag av idrettslege kvalifikasjonar, og ikkje berre på karakterar.

Tøstiengen meiner satsinga på skulen delvis kan motverke den negative elevtalsutviklinga.

– Vi seier ikkje nei til det, om ein langrennsløpar vil flytta til Tynset og gå på hybel der, seier han.

Tøstiengen understrekar også samarbeidet med idretten, i utvelginga av skular til den spissa satsinga på toppidrett. Eit eige toppidrettsutval tilrådde skulane som skulle få midlar til spissing.

– Særleg er det viktig at skulane har eit opplegg som sikrar at totalbelastninga for den enkelte utøvaren ikkje blir for stor. Det må vera ei balanse mellom skulegang og idrett som sikrar at strikken ikkje blir strekt for langt, seier han.

I utvelginga av skulane er det lagt vekt på at dette er noko ein tek gode avgjerder om i kvardagen.

LES OGSÅ: Springerinne til hjelp

Faglege toppråd
I prosessen med å velje ut skular i Hedmark til toppidrettssatsing, har mellom anna Olympiatoppen bidrege.

– Eit av kvalitetskriteria vi har, er samarbeid mellom skulen og klubbane, seier Erlend Slokvik, avdelingsleiar ved Olympiatoppen Innlandet.

Slokvik er medlem av Toppidrettsutvalet til Hedmark fylkeskommune, som har vurdert skulane sine søknader om spissa toppidrettsating.

Gjennom Olympiatoppen har han kontakt med alle toppidrettssatsingane på vidaregåande skule i både Oppland og Hedmark. Han held fram Nord-Gudbrandsdal vidaregåande si satsing på badminton på

Otta, som eit veldig godt eksempel på samarbeid mellom klubb og skule.

Også andre kriteria er viktige for skular som satsar på toppidrett.

– Det er veldig viktig korleis skulane legg til rette for utøvaren for både trening og skulegang. Dessutan set vi krav til trenarkompetansen, seier han.

LES OGSÅ: Fotballkarrieren enda i sjølvmordsforsøk

Regionen viktig for satsing
Vigga spør fylkesråden kva lokalt og kommunalt engasjement har hatt å seie for satsinga i Nord-Østerdal.

Fylkesråden i Hedmark er klar på at regionalt samarbeid har vore viktig, og har gjort både regionen og fylkeskommunen betre.

– Vi i Hedmark fylkeskommune har eit nært og veldig godt forhold til Fjellregionen, og det er sjølvsagt heilt avgjerande for den offensive haldninga til, og satsinga på, vidaregåande skule i Nord-Østerdalen, seier ho.

Ho legg til at kunnskap og utdanning er veldig viktig i regionen, som består av Nord-Østerdal og to kommunar frå Sør-Trøndelag. I tillegg engasjerer dette temaet voldsomt.

– Eg vil seie at samarbeidet mellom Fjellregionen og fylkeskommunen er eit skikkeleg godt lagspel, rett og slett moro, seier Gjestvang.

Les saka i Vigga.

Faktaboks

Alle vidaregåande skular i Hedmark, med idrettsfag, fekk høve til å søkje om midlar til spissa toppidrettsatsing i fem år (tre kull).

Tre skular, i Stange, Elverum og på Tynset vart med. Tynset får midlar til langrenn og skiskytng.

Olympiatoppen har utvikla eit eige sett med prinsipp for tilpassa utdanning for unge idrettsutøvarar, og skulane måtte tilfredsstille desse. Dei overordna måla er heilskapleg utvikling av utøvarane, ei utdanningsmessig utvikling, som gjev godt grunnlag for høgre utdanning og yrkesval, samt ei idrettsleg utvikling i eit langt perspektiv, som tek i vare lysta til å satse hjå den enkelte.