Mor mot alle odds

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Kvinnheringen

– Mamma, kan eg få servera bollane no? Ver så snill? Ine Fu Di på ti og eit halv år trekk i genseren til mamma, ivrig etter å få godsakene på bordet. Ho har sjølv bakt, ein hobby ungjenta er veldig glad i. Vi er i den koselege stova til familien Farestveit, heilt i enden av vegen i Åkra. Den mellomste jenta, Aurora Li (13), har øyreproppane i for å høyra på musikk frå mobilen. Eldstejenta Birgitte Shan Qi (16) går på internatskule på Framnes, og er difor ikkje heime i vekedagane. Mamma Åse gir endeleg yngstejenta klarsignal til å servera, og snart bognar bordet over av gode bakstar, kaffi og brus.

– Eg kan nærast ikkje forstå kor heldig eg har vore som har fått bli mor til tre så herlege jenter. Det er det største i verda, seier Åse.

LES OGSÅ: Passiv adopsjonspolitikk

Ein draum heile livet
Det var langt ifrå gitt at ho skulle få oppfylt morsdraumen, den gongen ho byrja å søkja på slutten av 1990-talet. Sjølv om lovverket ikkje direkte hindra einslege i å bli godkjente som adoptivforeldre, var retningslinene rigide og praktisk talt til stengsel for all einsleg adopsjon.

– Alt som barn tenkte eg at eg ville adoptera som vaksen. Eg har alltid vore glad i barn, og ønskt meg eigne. Men i og med at norske styresmakter ikkje ville la einslege få adoptera, vart det lenge med tanken.

I fleire år las Åse alt ho kom over om adopsjon. Men det var først då ho las om ei einsleg kvinne i Troms, som etter ein lang kamp fekk adoptera ein handikappa gut, at håpet verkeleg blei tent hjå Åse. Dette var i 1997. 

– Denne kvinna stod verkeleg på barrikadane for å få lov til å adoptera ein gut som ingen andre ville adoptera. Eg tenkte; viss ho kan, så kan eg òg. Den som intet våger, intet vinner.

Åse tok kontakt med barnevernet i Kvinnherad for å få desse til å godkjenna henne som adoptivmor. Etter at dei hadde gjort eit heimebesøk, fekk ho den etterlengta godkjenninga. Men i neste instans, då ho søkte Statens adopsjonskontor som det heitte den gongen, fekk ho nei.

– Eg var heilt oppslukt i denne prosessen. Det blei eit vera eller ikkje vera for min del. Då eg fekk nei, gjekk eg difor heilt i kjellaren.

LES OGSÅ: Ei mors kamp

Vann fram
På denne tida var elles staten byrja med høyringar for nye retningsliner kring einslege og adopsjon. Adopsjonskontoret hadde gitt Åse høve til å anka avslaget, noko ho sjølvsagt ønskte, men ikkje før retningslinene var endra. Åse gjekk då til innkjøp av datamaskin med internett, som den første i Åkra-bygda. Ho sende epostar til alle leiande politikarar, der ho kravde svar på kva standpunkt dei hadde i høve til einslege si rett til å adoptera. Jens Stoltenberg var av dei som personleg svarte Åse.

– Hausten 1998 var dei nye retningslinene klare. Den 16. november 1998 kom eg heim til ein tjukk, brun konvolutt frå Statens adopsjonskontor. Eg hugsar eg dirra av spenning då eg opna denne, og skumma meg gjennom alt innhaldet heilt til slutten av brevet der det stod at eg var godkjent som adoptivmor.

Åse er blank i blikket av minna. Ho hugsar enno med kvart fiber i kroppen kjensla den 36 år unge versjonen av henne fekk då orda lyste mot henne. Mamma. Ho skulle bli mamma.

– Ein månad etter godkjenninga mi blei Birgitte Shan Qi fødd. I november året etterpå sette eg meg på flyet til Kina, i lag med den tøffe mamma mi som aldri hadde flydd før. No skulle ho reisa rundt halve jordkloden for å vera med å henta barnebarnet sitt.

Få dagar etter at dei landa på kinesisk jord, fekk Åse halda det første barnet sitt i armane for første gong. Ikkje lenge etterpå blei ti månadar gamle Birgitte Shan Qi Åkra-borgar. Den nye kvardagen med nattevåk, småbarnsstell og lite eigentid snudde opp ned på kvardagen til Åse. Og ho elska det.

– På dagen etter den eitt år lange karantenen for å søkja om ny adopsjon var over, søkte eg på nytt. Eg ville at Birgitte Shan Qi skulle sleppa å veksa opp som einebarn, og sjølv hadde eg jo lyst på mange barn, forklarer Åse.

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

Éin-to-tre
Denne gongen gjekk søknadsprosessen på skinner, sidan Åse alt var godkjent som adoptivmor, og to barn blei rekna som uproblematisk. I 2002 kunne ho setja seg på flyet til Kina igjen, denne gongen for å henta Aurora Li, som i dag er 13 år.

– Å koma heim igjen som tobarnsmor var ein noko større overgang enn ved første barnet. Det er som dei seier; éin er éin, medan to er ti. Aurora Li var 15 månadar då ho kom til oss, og var ei svært livleg jente som heldt full fart heile dagen. Og naturlegvis ville ho ha tak på leikene til storesøstera, så dagane mine gjekk i å passa på dei to. Det blei ikkje mykje tid til husarbeid, kan du seia.

Morsrolla var heilt i Åse si ånd, ho storkoste seg. Det gjekk difor ikkje lang tid før ho byrja å tenkja tanken på å prøva endå ein gong.

– Etter kvart som jentene vaks til, byrja dei å ønska seg ei veslesøster. Og eg var langt frå mett på å få barn; hadde det vore opp til meg, hadde eg hatt mange fleire. Så kvar kveld i aftanbøna vår bad vi om at Gud måtte hjelpa oss slik at vi kunne få oss ei veslesøster, fortel ho.

Søknaden blei send, men Statens adopsjonskontor meinte to barn var meir enn nok for ei einsleg mor. Åse argumenterte med at det var stor forskjell på eit tilvære på landsbygda kontra storbyane, og at ho utan problem kunne oppdra tre barn i Åkra.

– Eg anka difor avslaget. Så gjekk det ei god stund utan at eg høyrde noko igjen. Men éin dag, medan eg og jentene var heime, kom telefonen eg hadde venta på frå departementet. Eg skulle få bli mor igjen.

Åse ser bort på yngstejenta Ine Fu Di, som hadde rukke å bli 22 månadar då ho blei henta av den nye mamma si i Kina. Med eit smil som kan smelta isbrear stadfestar Ine Fu Di at mamma hennar er verdas beste.

– Ho er rar og veldig snill, fortel ungjenta. 

LES OGSÅ: Venta på Emmeli i ni lange år

Aktive og engasjerte
– Dei er eit Guds under, desse tre jentene mine. Eg er heilt viss på at Han har gripe inn og hjelpt meg, fastslår Åse, som er djupt truande.

Ho peiker på alle barrierane som blei brotne i løpet av desse åra ho blei mamma til tre.

– Eg var av dei aller første einslege i Norge som fekk adoptera, kort tid etter at det var blitt mogleg å adoptera. Eg er truleg òg den einaste einslege i heile landet som har adoptert heile tre barn. For nokre år sidan stengde Kina for adopsjon frå einslege, så i dag ville eg ikkje fått lov. I løpet av dei ti åra det overhovudet var mogleg for ei einsleg å adoptera frå Kina, fekk eg heile tre nydelege jenter.

LES OGSÅ: Meir enn glansbiletet

Det er ikkje til å fatta.

Åse prøver å vera så open som mogleg overfor jentene om adopsjonane og prosessane rundt desse. Jentene er klar over kor dei opphavleg kjem frå, og har vore tilbake i Kina på ferie i lag med mamma.

– Vi var i Kina på ferie i 2012. Då var vi i Birgitte Shan Qi sin heimby, pluss at vi gjorde dei vanlege turistbesøka i Beijing og Xi`an. Vi besøkte òg eldstejentene sine fadderbarn i SOS Barneby i Nanchang, fortel Åse.

Jentene er flinke på skulen, og aktive på fritida. Ine Fu Di spelar både fiolin og piano, i tillegg til at ho går på judo. Aktivitetane går føre seg på Husnes og i Rosendal. Aurora Li går òg på judo, og så har ho alt byrja med konfirmantundervising då det berre er annakvart år i Åkra no. Begge er òg med på Ving, som er ein søndagsskuleklubb. Birgitte Shan Qi har det så kjekt på Framnes at ho sjeldan har tid til å koma heim i helgene. Men når ho har tid, er det ofte Åse som hentar henne på Årsnes.

– I mange år har vi køyrd bortimot tjue mil i veka for å koma oss til og frå fritidsaktivitetar. Det blir framleis lett tjue mil dei vekene eg òg hentar heim Birgitte Shan Qi. Men dette kjenner nok dei fleste foreldre seg i. Sånn er det å vera forelder, påpeiker ho.

– Saknar du somme tider einkvan å dela foreldrerolla med?

– Det har vore stundar eg har tenkt at det kunne vore godt å ha nokon der i lag med meg ja. Men på det jamne er eg godt nøgd med å kunne gjera ting på min måte. Det er lett å bli samd med seg sjølv, ler Åse.

Ho klarer ikkje å førestilla seg korleis livet hadde sett ut viss ho ikkje hadde fått jentene sine.

– Det er ein umogleg tanke. Det er jo jentene som er livet mitt, sluttar trebarnsmora.

LES OGSÅ: – Det må vera lov å prøva å bli pappa