Orre handelslag på Jæren kastar no ut barn i skulealder frå butikken viss dei ikkje er i lag med foreldra. Butikken har fått nok av steling.

(NPK):
(NPK):

– Det har vore veldig tøft i det siste. Ungdommen skyr ingenting og organiserer steling. Ein utfører oppdraget medan dei andre passar på at vi som jobbar her er opptekne med andre ting. Vi kan ikkje ha det slik, seier butikksjef i Coop Prix Orre Anne Grethe Helle til avisa Jærbladet.

På butikkdøra er det hengt opp lapp med denne teksten: «På grunn av mykje steling: Ingen unger i skolealder får handle her, uten følge med voksne».

– Det var ungar innom i går som lurte på om vi verkeleg meinte alvor. Eg synest det er synd at vi må kasta ut gilde ungar som skal handla fløyte for foreldra eller kjøpa laurdagsgodt. Men vi har prøvd ulike andre tiltak før som ikkje fører til betring.

LES OGSÅ: Vil nekta kvinner stemme- og talerett

Håpar på snakkis
Butikksjefen har teke både ungar og ungdommar i å stela, men det er ungdommane som er det største problemet. Dei stel snop og drikke.

Anne Grethe Helle har vore i kontakt med Orre skule om problemet fleire gonger.

– Men det er ikkje skulen sitt ansvar etter skuletid. Dei kan ikkje vera barnevakt og det kan ikkje vi heller. Eg håpar at dette blir ein snakkis no og at foreldra kjem på bana. Eg har òg vore i kontakt med lensmannen i Klepp, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Bannlyser jente- og gutebøker

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE